Årskonferanse 28. mars 2019 på Litteraturhuset i Oslo

Vil du melda deg på årskonferansen?
Send ein epost til afa@eos-utvalget.no, skriv "Påmelding årskonferanse" i emnefeltet, og legg ved namn og eventuelt verksemd/organisasjon.


EOS-utvalgets årskonferanse 2019 - korleis betre kontrollen med dei hemmelege tenestene?

Konferansen er gratis og vil vara frå klokka 9 til 14 torsdag 28. mars på Litteraturhuset i Oslo.
Deler av konferansen vil vera på engelsk, men det meste vil vera på norsk.

Ordstyrar og debattleiar: Trude Teige

8.30-9.00 Dørene opnar - servering av kaffe/te

9.00-9.20 EOS-kontrollåret 2018

Eldbjørg Løwer - leiar av EOS-utvalet.

9.20-9.40 Kontroll og ny lov om e-tenesta

Frank Bakke-Jensen (H), forsvarsminister

9.40-10.15 Sikkerheitsklarering og saker kor personar har tilknyting til andre statar

Fredrik Thorleif Oftebro, NTLs 1. nestleiar

Annette Tjaberg, fungerande direktør Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Hans Kristian Herland, Sjef Forsvarets sikkerhetsavdeling

Denne debatten vil mellom anna ta utgangspunkt i EOS-utvalets særskilde melding av 12. mars 2019 - Særskilt melding til Stortinget om ulik praksis for sikkerhetsklarering av personer med tilknytning til andre stater


10.15-11.05 Kva kan vi lære av andre land? (på engelsk)

Harm Brouwer, leiar av CTIVD, Nederlands kontrollorgan

Thorsten Wetzling, forskingsleiar ved tenketanken Stiftung Neue Verantwortung og ekspert på kontroll av etterretningstenester

11.05-11.40 Tenestene deler informasjon internasjonalt, men kontrollen er nasjonal (på engelsk)

Inger Marie Sunde, professor ved Politihøgskolen og medlem av EOS-utvalet

Harm Brouwer, CTIVD

Thorsten Wetzling, Stiftung Neue Verantwortung

Benedicte Bjørnland, sjef PST

Denne debatten tek utgangspunkt i den felles fråsegna EOS-utvalet saman med fire andre europeiske kontrollorgan kom med i fjor haust.
Les «Strengthening oversight of international data exchange between intelligence and security services» her

11.40-12.10 Pause og enkel lunsj

12.10-12.55 EOS-utvalet skal kontrollere at tenestene ikkje «utilbørlig skader samfunnets interesser» - men kva tyder eigentleg det?

Ina Lindahl Nyrud, advokat i Norsk Journalistlag

Adele Matheson Mestad, konstituert direktør ved Noregs institusjon for menneskerettar

Michael Tetzschner, stortingsrepresentant frå Høgre og 1. nestleiar for Utanriks- og forsvarskomiteen

Dag Terje Andersen, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet og leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget

12.55-14.00 Oppsummering og paneldebatt om mellom anna ny e-lov og kontroll. Spørsmål frå salen til slutt.

Dag Terje Andersen, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet og leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget

Thor Kleppen Sættem (H), statssekretær for justis- og innvandringsministeren

Benedicte Bjørnland, Sjef PST

Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet

Eldbjørg Løwer, leiar av EOS-utvalet




Informasjon om personvern:
Om du melder deg på konferansen, vil ditt namn, epost og evt. tilknyting til organisasjon/verksemd bli lagra av
EOS-utvalet. Dette vil berre brukast til å gi deg informasjon om årskonferansen 2019 og invitera deg på tilsvarande arrangement seinare. Om du ikkje vil stå på denne lista etter at årskonferansen 2019 er gjennomført, kan du gi beskjed om det, og informasjonen om deg vil bli sletta.

Årskonferansen 2019 vil også bli strømma.


Vil du melda deg på årskonferansen?
Send ein epost til afa@eos-utvalget.no, skriv "Påmelding årskonferanse" i emnefeltet, og legg ved namn og eventuelt verksemd/organisasjon.