Medieoppsummering veke 24 2018

Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no


Nederlands kontrollorgan CTIVDs årsmelding for 2017

CTIVD kontrollerer Nederlands to etterretningstenester - den sivile og militære. Begge har lov til å driva etterretning innlands og utanlands.

Hovudsakene CTIVD undersøkte i fjor var mellom anna.

· Har tenesta oppfylt si plikt om femårsvurdering om å informera personar som har vore underlagt skjulte tvangsmiddel? I hovudsak var avgjerdene gjort på grunnlag av gode vurderingar, men dei fann ein del prosedyrefeil som CTIVD har bedt tenestene fiksa opp i.

· Bruk av skjulte tvangsmiddel mot advokatar og journalistar - både direkte og indirekte (via klient/kjelde). Kontrollorganet fann ut at det hadde vore ulovlege handlingar knytt til dette som den sivile e-tenesta stod bak. CTIVD tilrådde også at indirekte avlytting av advokatar/journalistar skulle få same rettslege skrankar som direkte avlytting, men det blei ikkje tatt til følgje av departementet.

· Tenestenes bruk av hacking/dataavlesing. Her fann CTIVD fleire lovbrot, mellom anna manglande slettinga av data, for lang lagring og feil bruk av såkalla «zero-days» - ukjende svakheiter i datasystem. Det var også blitt hacka i maskinar som dei ikkje hadde tilstrekkeleg godkjenning for.

· Borgarnes innsynsrett i e-tenestene (ja dei har det i Nederland.) Generelt gir tenestene borgarane innsyn i personleg informasjon som dei sit på om borgarane - med mindre dei ikkje kan det av omsyn til rikets tryggleik osv. Med få unntak har avslaga tenestene har gitt, vore innafor lova.

· E-tenestens innsamling av massedata frå det opne nettet som er gjort tilgjengeleg av tredjepartar. Kontrollorganet kontrollerte fire store datasett- kor eit par av dei inneheldt personleg data som namn, e-postar, adresser og passord. Det eine datasettet meinte CTIVD var ulovleg innsamla - i hovudsak fordi det ikkje var tilstrekkeleg politisk godkjenning bak innsamlinga. Kontrollorganet meiner også at det bør vera retningsliner som sørger for at det blir behandla færrast mogleg personopplysningar.

(CTIVD) Heile den interessante årsmeldinga kan lesast her.


Framleis problem med kontroll av tysk e-tenestes utanlands-utanlands-etterretning

I tidlegare medieoppsummeringar har det vore skrive om «Unabhängiges Gremium» i Tyskland som ikkje har fått innsyn i all informasjon dei ønsker frå den tyske e-tenesta BND. Det uavhengige kontrollorganet som held til ved Bundesgerichtshof i Karlsruhe ble i oppretta i kjølvatnet av Snowden-avsløringane og skal kontrollera BNDs overvaking av utlendingar i utlandet - noko som tidlegare hadde vore utanføre kontroll.

Tysk media har fått tak i ein gradert halvårsrapport kor det kjem fram at medlemmane i kontrollorganet ikkje får sjå det det dei meiner dei skal sjå. Det er også usemje om at BND på førehand har valt ut dokument som kontrollorganet kan sjå, samt at fleire dokument har vore sladda.

Fleire politikarar i det parlamentariske kontrollorganet som får rapportane av «Unabhängiges Gremium» har teke til orde for at det uavhengige kontrollorganet skal få fullt innsyn. BND svarer at dei på si side støttar arbeidet til kontrollorganet, og at andre spørsmål må bli stilt til det parlamentariske kontrollorganet.

(Tagesschau) BND-Kontrolle weiterhin mit blinden Flecken


Møtet mellom Kim og Trump i Singapore

Tysdag møttes leiarane av Nord-Korea og USA, kor dei blei samde om å jobba mot ei atomvåpenfri Korea-halvøy. Trump lova også å stoppa «war games» som USA og Sør-Korea har samarbeida om. Dei har også invitert kvarandre til å komma til Washington DC og Pyongyang.
Under følgjer nokre relevante saker som handlar om møtet.

(Aftenposten) Trump kaller toppmøtet en triumf. Her er arbeidet som gjenstår før det faktisk blir en suksess.

(New York Times) What Happened in the Trump-Kim Meeting and Why It Matters

(BBC) North Korea sanctions remain until complete denuclearisation, says US

(Reuters) China hints at sanctions relief for Pyongyang

(Aftenposten) Trump overrasket med å avlyse militærøvelser: Her er han ute å kjøre, sier norsk professor.

(Washington Post) Winners and losers from the summit

(ABC News) EXCLUSIVE: 'I do trust him': Trump opens up about Kim after historic summit

(CNN) Trump returns salute of North Korean general at summit, state media footage reveals

(Youtube - White House video) Her kan du sjå videoen Trump viste til Kim


Debatt og vedtak av EOS-utvalets årsmelding

EOS-utvalets årsmelding blei debattert i Stortinget. Både forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara redegjorde i stortingssalen.

Stortingsrepresentantane som tok ordet var mellom anna opptekne av den teknologiske utviklinga og at kontroll av dei hemmelege tenestene no er viktigare enn nokon gong. Justisministere Wara lova også igjen å ta kontakt med USA igjen for å ta opp temaet om nordmenn som ligg i databasen FBIs Terrorist Screening Center.

Her kan du lesa referat frå debatten på onsdag.

Her er vedtaket.


Terrorberedskap i Noreg og etterspel etter rapporten frå Riksrevisjonen

(Dagsavisen) Den knusende rapporten fra Riksrevisjonen dreier seg kun om sikring av politiets egne bygg og funksjoner, hevder justisminister Tor Mikkel Wara. Feil, sier riksrevisoren selv og slår fast: Heller ikke jobben med å sikre sivile objekter er gjort godt nok.

(NTB) Kontrollkomiteen kaller inn regjeringstopper til terrorhøring

(VG) Wara varsler nye antiterrortiltak

(Aftenposten - kommentar av Harald Stanghelle) En sminket virkelighet er en oppskrift på å gjenta feilene fra tiden før det fatale terrorangrepet 22. juli.


Frode Berg-saka

Berg fekk anken avvist.

(Aftenposten) Den spionsiktede nordmannens forsvarer tror Berg blir sittende minst frem til jul


DCAF (Som EOS-utvalet har samarbeida med i fleire år) har gitt ut sin årsrapport for 2017.

Les rapporten her.


Andre saker:

(Barentsobserver) Alarm-drill: 36 Russian warships sail out to Barents Sea - Norway not informed

(NRK) Det blir fleire overraskingsøvingar frå Russland i framtida


(Washington Post) China hacked a Navy contractor and secured a trove of highly sensitive data on submarine warfare


(NRK) Aisha Shezadi vil ikke bo i Norge: Vil flytte til et muslimsk land etter mulig soning

(TV2 - kommentar av Kadafi Zaman) Hvor smart er det å hente hjem norske borgere som dro til IS?


(Sveriges Radio) Uppgifter om turkiskt beställningsmord i Danmark

(Danmarks Radio) Tyrkiet-kritiker i fare i Danmark: Flyttet i akut sikkerhed af PET


(Dagens Næringsliv) Klikk her for å drepe alle - Sikkerhetsekspert Bruce Schneier mener vi seriøst må vurdere hva vi kobler til nett, for det begynner å bli livstruende.


(Nettavisen) Regjeringen: USA får doble antallet soldater i Norge

(NTB) Forsvaret setter av 26 kampfly til NATO

(Aftenposten) Krever svar på hvorfor amerikanske overvåkingsfly flyr fra Andøya


(NRK) De hemmelige agentene Norge helst ville glemme

(DN TV) Er du en gratis-surfer? Det kan koste deg dyrt. Dette må du passe deg for om du surfer på åpne nett.

(The Week) The NSA knew about cellphone surveillance around the White House 6 years ago

(NRK beta) Frykter for sikkerheten: Norske journalister tar ikke med eget utstyr til fotball-VM

(ZD Net) Windows security: Here's why we don't fix some bugs right away, Microsoft reveals


(CNN) 6 takeaways from the Justice watchdog report on the Clinton email investigation

(LA Times) Inspector general finds Comey mishandled FBI's Clinton email inquiry, disclosing it to public improperly

(Washington Post) Trump allies seize on DOJ report as they seek to undercut Mueller probe


(New York Times) Surveillance cameras monitored by the police have become a ubiquitous presence in many cities. In Newark, anyone with internet access is allowed to watch.

(Digi) Mange norske ledere vurderer å betale løsepenger framfor å investere mer i IT-sikkerhet

(Washington Post) Apple is making it harder for police to collect evidence from iPhones of suspected criminals

(NRK) Helse Sør-Øst skroter milliardavtale om utflagging av IT

(SVT) Fängelse i ett år och 10 månader. Det blev straffet för den man som åtalats för att för Kinas räkning ha spionerat på tibetaner bosatta i Sverige.

(hbl.fi) Dom: Knivdådet i Åbo var terroristbrott - Bouanane döms till livstids fängelse

(Aftenposten) Norge og NATO «i krig» om det norske DAB-nettet

(Nyhetsbyrået AFP) French police thwarted attack on sex club

(Aftenposten) WSJ: Facebook delte brukerdata med selskaper etter 2015

(Politiken) Skandaler og Tibet-sagen får nu justitsministeren til at bestille en ekstern undersøgelse af Rigspolitiets, PET's og anklagemyndighedens håndtering af data.

(Gizmodo) A Mix-Up Meant Malware Could Have Posed as Apple Software, and Nobody Noticed for Over 10 Years

(NRK) Hevder Russland sender opp radioaktive missiler rett ved Norge


Frå Stortinget

Representantforslag om redegjørelse fra regjeringen angående avtale mellom det norske og amerikanske forsvaret om tilkobling av amerikanske militære sensorer på Space Norways satellitter.

Redegjørelse av utenriksministeren og forsvarsministeren om kampen mot ISIL