Medieoppsummering veke 25 2018

Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no

Utval på Stortinget vil ikkje endra korleis EOS-utvalet skal setjast saman

Eit utval på Stortinget med representantar frå alle parti med stortingspresident Trøen som leiar, har vurdert «prosessen og valgbarheten til medlemmer i de komiteer, utval og nemnder som Stortinget oppnevner.»

EOS-utvalet er blant dei som er vurdert. Eit fleirtall i utvalet, som inkluderer alle parti utanom Raudt, meiner at praksisen for val av medlemmar til EOS-utvalet fungerer godt, og at bakgrunn frå politisk verksemd er verdifull for oppgåvene ein medlem får i rettstryggleiksorganet EOS-utvalet. Fleirtalet meiner at den ulike bakgrunnen medlemmane har frå dei ulike partia og den fagleg kompetansen dei sit på, har gitt ein god heilskap i utvalet.

Raudts Bjørnar Moxnes var aleine om å foreslå at EOS-utvalets utnemning berre skulle skje med bakgrunn i faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar - altså ikkje med partipolitisk kriterium i det hele.

Moxnes viser også til EOS-kontrolloven kor det står at personar som tidlegare «har virket i tjenestene» ikkje kan bli valde som utvalsmedlemmar. Han meiner at den lova bør endrast og at også tidlegare justis- og forsvarsministrar ikkje skal kunne veljast som medlemmar til EOS-utvalet. Han argumenterer med at ein slik bakgrunn kan gi moglege habilitetsproblem.

Her kan du lesa heile rapporten til Stortingets presidentskap.

(VG) Stenger Nobelkomiteen for internasjonale ledere


Tysk overvaking av Austerrike

Det er avslørt austerriksk media at den tyske utanriks-eterretningstenesta BND har drive storstilt overvaking av nabolandet Austerrike i perioden 1999 til 2006. Rundt 2000 telefonar, faks-maskinar og epost-adresser skal ha vore overvaka. Det inkluderer også ambassadar til fleire land, mellom anna Sverige,

Frankrike, Island, Polen og Russland. Også det internasjonale atomenergibyrået, OSSE og det austerrikske nyheitsbyrået APA står på «spionlista» som Der Standard har fått tak i.

Det er uklart om overvakinga kan ha skjedd i ein lengre periode. Etter avsløringa har Austerrikes styresmakter bedt om forklaring frå Tyskland, og kravd ei stadfesting av at overvakinga er stoppa.

(SVT) Svensk ambassad måltavla i misstänkt tyskt spioneri

(SVT) Forskare om Tysklandspionage: "Man gör det för att man kan

(Der Standard) Die Liste: Wen der deutsche Geheimdienst in Österreich ausspähte

(Welt/DPA) Der BND soll systematisch die Telekommunikation zentraler Einrichtungen in Österreich bespitzelt haben.


Sveriges FRA-lov frikjend i menneskerettsdomstolen i Strasbourg

Denne veka kom det ein dom som gjaldt den svenske innføringa av såkalla signalspaning - overvaking av tele- og datatrafikk som kryssar Sveriges grenser - den såkalla FRA-lova.

Dommarane konkluderte med at lova ikkje bryt EMK artikkel 8 som handlar om retten til respekt for privatliv og familieliv.

I dommen slås det fast at det er rom for forbetring, men alt i alt har det svenske systemet for «bulk-innsamling» gode nok garantiar som skal hindra misbruk.

Samla sett opp mot statens behov for å verna rikets tryggleik, særleg sett i lys av truslar som global terrorisme og grenseoverskridande kriminalitet, meinte dommarane at den svenske lova ikkje bryt menneskerettane.

Her finn du eit samandrag av dommen med lenke til heile dommen.


Kontrollutvalet for Kommunikasjonskontroll har kome med sin årsrapport for 2017. Dei har og sendt eit skarpt brev til justisdepartementet om manglande sletting av overskotsmateriale

KK-utvalet har ansvar for å kontrollera det ordinære politiets bruk av kommunikasjonskontroll, romavlytting og dataavlesing.

I 2017 blei det av politiet nytta kommunikasjonskontroll mot 253 personar, noko som var ein nedgang frå 2016 då 316 personar var omfatta. 24 personar var underlagt romavlytting, og dataavlesing blei brukt i ein eller to saker (det spørs korleis det blir definert.)

I om lag halvparten av tilfella gjaldt bruken av skjulte tvangsmiddel narkotikakriminalitet.

Ein av fleire problemstillingar kontrollutvalet tek opp er retten ein borgar har til å få vita at han/ho har vore utsatt for skjulte tvangsmiddel av det ordinære politiet. Det er vel å merka heimla enkelte unntak i lova for at personar som har vore under overvaking av det ordinære politiet, likevel ikkje skal få vita om det. Men ein juridisk problemstilling er om ein person har mistanke om at politiet har overvaka ein, skal han/ho ha rett på å spørja KK-utvalet om å få innsyn i det. Borgaren får eit likt svar same kva om det ikkje er brukt skjulte tvangsmiddel eller om det faktisk er blitt gjort det, men då med lovleg grunn til å halda det hemmeleg. KK-utvalet viser i sin årsrapport til at ifølgje straffeprosessloven kan eit avslag på eit innsynskrav tas for retten. Men utvalet meiner det er uklart kven som kan bringa avslaget inn for retten, sidan den mistenkte sjølv ikkje får vita om avslaget, og det er uklart om ordninga med offentleg forsvarar skal gjelda i desse sakene.

Her finn du årsrapporten.

I tillegg har KK-utvalet publisert eit skarpt brev til justisdepartementet om sletting, som du kan lesa her.

I brevet som dei sendte 1. juni skriv KK-utvalget at dei vil gjera departementet «oppmerksom på det som utvalget anser som systematiske brudd på de særlige reglene om sletting av materiale fra kommunikasjonskontroll» og «Kontrollutvalget har per dags dato pågående klagesaker om temaet, og har nylig i stedlig kontroll fått bekreftet at materiale fra kommunikasjonskontroll lagres i betraktelig større utstrekning enn hva gjeldende rett tillater.»

Dei viser også til høyringsfråsegner frå Oslo politidistrikt og Vest politidistrikt kor det kjem fram at overskotsinformasjon i liten grad blir sletta og at oppbevaring av slikt materiale truleg vil vera i strid med mellom anna Grunnlova §102 og EMK artikkel 8.

Brevet blir avslutta slik:

«En slik situasjon med vedvarende brudd på lovgivningen, herunder EMK artikkel 8, på tross av gjentatt kritikk fra utvalget vil likevel negativt kunne påvirke kontrollregimets legitimitet både blant de kontrollerte og i samfunnet for øvrig.»

(Aftenposten) Kontrollutvalg mener politiet systematisk bryter lovverket: Sletter ikke materiale fra overvåking


Andre saker

(Aftenposten) Det er stille om andre norske syriafarere. Om meg er det spetakkel. Hvorfor? | Aisha Shezadi

(Associated Press) The US Supreme Court says police generally need a search warrant if they want to track criminal suspects' movements by collecting information about where they've used their cellphones.

(VG) Spionfrykt før gigantøvelse i Norge

(Barentsobserver) More NATO warships to Northern Norway

(NRK) Høyre granskes av Datatilsynet: Lastet opp medlemsdata til Facebook

(New York Times) Pentagon Puts Cyberwarriors on the Offensive, Increasing the Risk of Conflict

(TV2) Har sendt F-16 til Finnmark for å følge russisk storøvelse

(Politico) UK digital minister considering measures to restrict anonymity online

(Computerworld) Har du mottatt fristende tilbud om å laste ned situasjons- og resultatoversikter fra fotball-VM i Russland? Det kan være phishing.

(NRK) Den skandalerammede israelske eksministeren Gonen Segev er siktet for spionasje. Han skal ha overlevert topphemmelig informasjon til Israels erkefiende Iran.


(NRK) Fire av ti norske IS-dømte er løslatt

(NRK) IS-dømt etterlyser behandling: - Jeg skal bli nabo til noen av dere når jeg slipper ut


(Washington Post) Ex-CIA employee charged in major leak of agency hacking tools

(Wired) Trump Says He Gave Kim Jong Un His Direct Number. Never Do That

(Intelnews) German intelligence chief says Russia tried to hack energy grid

(New York Times) Why Hackers Aren't Afraid of Us

(Guardian) Nato chief warns over future of transatlantic relationship

(Aftenposten) Jakten på IS-sjefen

(The Hill) Accused NSA leaker reaches plea deal with investigators

(Information) Der er flere måder at identificere en afhoppet IS-kriger på vej til Europa. Syrisk efterretningsgruppe har fundet en effektiv metode

(C4ISRNET) Latest Black Hornet drone is a modular micro machine (Black Hornet er opphavleg ei norsk-utvikla drone).

(Wired) Google Home's data leak proves the IoT is still deeply flawed

(Reuters) China-based campaign breached satellite, defense companies: Symantec

(The Hill) Spotlight falls on Russian threat to undersea cables

(Politiforum) Politiet knytter seg tettere til eksterne cyber-eksperter

(Dagens Nyheter) Säpochefen: Ryssland, Kina, Iran mest aktiva här

(Guardian) Revealed: Canada uses massive US anti-terrorist database at borders

(Independent) Isis supporter 'plotted to bomb Downing Street and behead Theresa May', court hears

(Forskning.no) Slik har terrorister siktet seg inn mot myke mål

(USA Today) Obama cybersecurity czar: Russian hackers likely scanned election systems in all 50 states

(Digi) I helgen gikk finalen i Norwegian Cyber Security Challenge (NCSC) av stabelen på NTNU Gjøvik, og landslaget som går videre til den europeiske finalen er nå plukket ut.

(Washington Post) Trump allies seize on DOJ report as they seek to undercut Mueller probe

(Madras Courier) How India's Defence Secrets Were Traded For Whisky

(Slate) The Next Frontier of Police Surveillance Is Drones

(Danmarks Radio) Space Force: Trump vil have militær i rummet

(NSM) Sårbarheter i Cisco produkter - fem av sårbarhetene klassifisert som kritiske

(Regjeringen.no) I 2017 eksporterte Norge våpen og militært utstyr for om lag 5,4 milliarder, mot 3,6 milliarder i 2016.

Stortinget

Skriftleg spørsmål frå Kjersti Toppe (Sp):
"Styret i Helse Sør- øst har den 14. juni besluttet å terminere kontrakten om utflagging av IKT systemer i helseforetaket. Vil helseministeren ut fra dette endre sin beslutning om å ikke hindre utflagging av grunnleggende IKT- infrastruktur i helseforetakene (jfr. stortingsdebatt 12/6-18), vil helseministeren sørge for å definere grunnleggende IKT- infrastruktur inn under sikkerhetsloven og kan statsråden informere om hvem som skal ta kostnaden for det IKT- skandalen og terminering av kontrakten, koster?»

Statsråden har ikkje svart enno.