Medieoppsummering veke 41 2018

Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no


PS! Det vil bli ei god stund til neste medieoppsummering grunna ferieavvikling.


Har Saudi-Arabia drepe og partert ein journalist i sitt tyrkiske konsulat?

Den saudiarabiske journalisten og Washington Post-skribenten Jamal Kashoggi gjekk inn på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul den 2. oktober. Etter det har ingen sett han. Hans tyrkiske trulova venta på han utanfor, fordi han skulle få papir som kunne sørga for at han kunne gifte seg med henne.

Saudi-Arabia hevdar at journalisten drog frå konsulatet kort tid etter at han kom ut, noko hans kjærast nektar for skal ha skjedd.

Det som gjer saka særs spesiell er at fleire medier i USA og Tyrkia seier dei har etterretningskjelder som har fortalt at Tyrkia har hatt tilgang på lydopptak inne frå konsulatet som skal bevisa at Kashoggi blei drepen inne på konsulatet. Tyrkiske media har skrive at det kan ha vore 15 personar som flaug inn frå Saudi-Arabia til Istanbul for å gjennomføra drapet. Det er og mistanke om at liket skal ha blitt partert og ha blitt frakta ut i koffertar.

Dette har og blitt ein stor politisk sak i USA, og den republikanske senator Rand Paul har kravd at USA stoppar all militær støtte og våpen sal til landet. Trump har førebels ikkje sagt noko som tyder på at det kjem til å skje, heller tvert i mot.

Kashoggi reiste i eksil til USA i fjor etter at han blei nekta av styresmaktene å skriva for avisene i landet.

(VG) Avis: Tyrkia hevder å ha bevis på drap på regimekritisk journalist

(Washington Post) Turks tell U.S. officials they have audio and video recordings that support conclusion Khashoggi was killed

(Washington Post) Crown prince sought to lure Khashoggi back to Saudi Arabia and detain him, U.S. intercepts show

(Washington Post) Trump chooses Arab authoritarianism over Jamal Khashoggi

(Guardian) Saudi summit in crisis as Khashoggi case prompts mass withdrawals


Den mystiske saka om den kinesiske microchipen

Bloombergs særs oppsiktsvekkande sak «How China used a tiny chip to infiltrate US Companies» som blei nemnd i førre medieoppsummering har fått sjeldant kraftige dementi frå dei aktuelle selskapa - Amazon, Apple og Supermicro. Det er også andre sjølvstendige aktørar som har ytra seg skeptisk - særleg sidan alle kjeldene var anonyme, og Bloomberg skreiv at dei var frå både styresmaktene og private selskap. Mellom anna ein cyber-tryggleiksekspert frå NSA seier at dei ikkje kjenner til dette og er «befuddled», og om nokon hadde kunnskap om dette burde dei dela det med føderale styresmakter.

Men det er mykje usikkerheit rundt det som vil vera ein av dei verste tilfella av hacking - om det er sant. Kina har nekta for å ha gjort noko slikt som Bloomberg påstår.

Tilrådd lesing for å få oversikta:(Motherboard Vice) The Cybersecurity World Is Debating WTF Is Going on With Bloomberg's Chinese Microchip Stories

(Kronikk av Olav Lysne i DN) Snowden, Huawei og Super Micro: Det er umulig å sjekke hvorvidt det elektroniske utstyret du kjøper, opererer på tvers av dine interesser.


Kripos siktar fleire personer for drapsforsøket på William Nygaard i 1993

William Nygaard gav ut Salman Rushdies bok Sataniske vers, og med stort sannsyn blei han skoten som følgje av det. Den dåverande forlagsdirektøren i Aschehoug overlevde men politiet oppklarte aldri saka og blei lagt bort i 2007. I 2009 gjenopna Kripos saka. Få dagar før saka hadde blitt forelda, sikta Kripos fleire personar. Alle oppheld seg i utlandet og dei er og sikta for å ha gått til åtak på «betydelege samfunnsinteresser».

PST hjelper og til i etterforskinga. Dei sikta skal tilhøyra eit fundamentalistisk miljø, skriv NRK.

(NRK) Skuddene mot William Nygaard: Flere siktet for attentatet

(New York Times) 25 Years Later, Norway Files Charges in Shooting of 'Satanic Verses' Publisher

(Aftenposten) Raketter, attentater og drap - Iran anklages for terror og destabilisering gjennom 30 år

(NRK) Tidligere Kripos-ekspert: Slik jakter Kripos de siktede i Nygaard-saken

(Harald Stanghelle i Aftenposten) Siktelsene i Nygaard-saken er ikke et resultat av nye opplysninger, men av at Kripos hadde kniven på strupen. Det var nå eller aldri.


Frode Berg-saka:

(VG) Frode Bergs advokat tror Russland vurderer bytte mellom Berg og russeren

(Dagbladet) Frode Bergs advokat: - Grunn til å anta at det er hemmelig kontakt mellom FSB og E-tjenesten

(TV2) Familien møtte Frode Bergs russiske advokat: - Veldig bekymret for Frodes helse


Etterspelet etter russar blei spionsikta

(VG) Russisk IT-ekspert om Oslo-spionsiktelsen: - De er bedre enn som så

(Aftenposten) Russland fridde til stortingspresidenten for å få løslatt spionsiktet. Der får de ikke noe hjelp.

(VG) Norske etterretningsagenter gjør skam på yrket, sier tidligere FSB-generalmajor Aleksandr Mikhailov i et intervju med VG.


Amerikansk kontrollorgan snart oppe og går igjen

Privacy and Civil Liberties Oversight Board som har vore ute av funksjon ei god stund, fekk torsdag tre medlemmar godkjent i Senatet i går, og det vil vera nok til at dei om ikkje lenge vil kunne fungera igjen.


Årsrapporten til SÄKERHETS- OCH INTEGRITETSSKYDDSNÄMNDEN (SIN)

Denne årsrapporten til SIN for 2017 har dessverre falt litt utanfor søkelyset vårt, men kontrollorganet som fører kontroll med det svenske politiet inkludert det som tilsvarer PST - Säkerhetspolisen kan lesast her.

Når det gjeld funn frå «svensk PST» har kontrollorganet mellom anna funne ut at Säpo har handsama sensitive personopplysningar ved fleire tilfelle i strid med Polisdatalagren, fordi det har lege i eit system kor mange har tilgang, og slike sensitive opplysningar ikkje skal ligga.

For politiet som heilskap har SIN og funne ut at ved fire tilfelle har det bruken av skjulte tvangsmiddel ikkje blitt stoppa når han skulle.


Ny bok og lansering

Fagboka «Intelligence Oversight in the Twenty-First Century. Accountability in a Changing World» som EOS-utvalets leiar Eldbjørg Løwer har skrive forordet til, er no publisert. NUPI har ei boklansering onsdag 17. oktober som blei veldig fort fullt, men det går an å følga deler av lanseringa direktestrømma.


Andre saker:

(Washington Post) In a first, a Chinese spy is extradited to the U.S. after stealing technology secrets, Justice Dept. says

(Wired) How the US Forced China to Quit Stealing-Using a Chinese Spy


(NPR - USA) From Inside The NSA, A Call For More Whistleblowers

(CNN) Watchdog: 'Nearly all' new US weapons systems vulnerable to cyber attacks

(Intelnews) Russia claims 'misunderstanding' led to arrests of four spies in Holland

(VG) Tenk deg at Norge kommer under angrep og invaderes av en gruppe land under ledelse av den fiktive nasjonen Murinus. Dette er plottet som omlag 53.000 NATO-soldater skal trenes på i Norge fra 25.oktober.

(New York Magazine - Intelligencer) My Private Oval Office Press Conference With Donald Trump, Mike Pence, John Kelly, and Mike Pompeo


(Politiken) PET-chef: Scharfs bog har rystet vores samarbejdspartnere: Den nuværende chef for PET har brugt mange timer på at genoprette tillid til andre efterretningstjenester.

(Berlingske) Udgivelsen af »Syv år for PET« ville kræve godkendelse fra CIA


(Bellingcat) Second Skripal Poisoning Suspect Identified as Dr. Alexander Mishkin

(Danmarks Radio) Afslører efterretningstjenester og regeringer: Men hvem er Bellingcat?


(NRK) Den italienske påtalemyndigheten besluttet tirsdag å utsette rettssaken mot mulla Krekar. Årsaken er at de vil ha Krekar i salen, og gi ham mulighet til å forklare seg.

(NRK) Italiensk rettssak mot Krekar-nettverk: - Ville bli med i Den islamske staten


(C4ISRNET) Can this AI tech find a terrorist in a surveillance video?

(The Register) World's largest CCTV maker leaves at least 9 million cameras open to public viewings

(Filter nyheter) Vil ikke følge Finland: Bare ett parti vil vurdere forbud mot nazi-organisasjon i Norge


(NTB) Hangarskipet har plass til flere fly enn det er i det norske luftforsvaret. Nå kommer det hit for å øve.

(NRK) SV: - Uklokt å la amerikansk hangarskip komme til Norge og skriftleg spørsmål er stilt frå Lars Haltbrekken (SV) til forsvarsministeren

(VG - leiar) SV på grunn


(NTB) Google skal ha unnlatt å varsle hundretusener av brukere om at selskapet oppdaget en feil som ga eksterne IT-utviklere tilgang til brukernes private data.

(Politico) Google+ data breach: What you need to know


(The Times) Sajid Javid: Five Eyes spies to hunt down paedophiles

(The Times) UK war-games cyber attack on Moscow

(Expressen) Kim Jong-uns oväntade vinlunch med Pompeo

(ZD Net) Facebook removes 800 accounts and pages for political spam, disinformation

(Aftenposten) Disse skal bli den nye bufferen mot Russland

(Daily Mail - kjeldekritikkalarm) Head of the GRU is in 'ill health' after furious dressing down from Putin about the 'morons' behind the novichok attack - as second spy is revealed to be Russian military doctor

(South China Morning Post) Chinese police get power to inspect internet service providers

(Defense One) In California, It'll Be Illegal to Make Routers With Weak Passwords

(Guardian) Spy agencies are worst at learning from past, say experts

(The Independent) Fear of infuriating Trump made UK drop opposition to death penalty for British Isis suspects, court told

(BBC) Somalia's al-Shabab says it has killed British spy

(Aftenposten) Putin sender russiske soldater til kaotisk Libya

(New York Times) Rick Gates Sought Online Manipulation Plans From Israeli Intelligence Firm for Trump Campaign

(NTB) Forsvaret satte F-35-flyene på bakken etter krasj

(ZD Net)Why it's hard to believe anything Google says

(Aftenposten) Ni nordmenn dro på tur til Krim. Det endte med et PR-sirkus.

(Serienytt) Le Bureau sesong 4 kommer 23. oktober på NRK TV

(NSM Norcert) Informasjon om DNSSEC-nøkkelrotering


Nyheiter frå Stortinget

Her har forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) svart på spørsmålet frå Liv Signe Navarsete (Sp) om det omstridte «dronekartet» NSM som var skrive om i førre medieoppsummering.


Til slutt - kort frå Regjeringas forslag til statsbudsjett:

PST får eit budsjett i 2019 på 891,0 millionar. Det er ein auke på 3,46 prosent frå 2018 og er ein reell auke samanlikna med inflasjonen, men mindre enn snittet på utgiftene på statsbudsjettet som er på 3,7 prosent.

Konkret er arbeidet med hybride- og cybertrugslar , samt objektsikringstiltak dei to hovudårsakene til budsjettauken.

Les meir på side 146 og 147 her - https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2019/dokumenter/pdf/jd.pdf

Forsvaret

Heile forsvarsbudsjettet aukar frå 54,95 milliardar til 58,95 milliardar kroner. Det er ein auke på 7,3 prosent.

E-tenesta får for fyrste gong eit budsjett på over 2 milliardar kroner, og passerer den grensa med dryge fem millionar.

Budsjettauken er ganske nøyaktig 100 millionar meir enn i 2018 og er på 5,3 prosent.

Les meir på side 125 og 126 her - https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2019/dokumenter/pdf/fd.pdf

NSM får ein kraftig auke på 17,7 prosent frå 268,9 millionar i 2018 til 316,4 millionar i 2019.

Det er implementering av ny sikkerhetslov som er hovudårsaka til auken.

Les meir på side 112 og 113 her - https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2019/dokumenter/pdf/fd.pdf