Medieoppsummering veke 4 2018

Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no


(deVolkskrant - Nederland) Dutch agencies provide crucial intel about Russia's interference in US-elections

Ein særs interessant sak om korleis den nederlandske etterretnings- og tryggleikstenesta AIVD klarte å bryta seg inn hos den russiske hacker-gruppa Cozy Bear og «var på innsida» frå 2014 og i ein periode på minst eitt år framover. Lokala kor dei heldt til skal vera i eit universitetsbygg nær den raude plass i Moskva.

Dei nederlandske statshackarane blei vitne til korleis russiske hackarar trakasserte og prøvde å bryta seg inn hos leiande personar i det amerikanske demokratiske partiet.

Ifølgje seks anonyme amerikanske og nederlandske kjelder gav den nederlandske operasjonen viktige prov til USA om russisk involvering i hackinga av det demokratiske partiet og innblanding i presidentvalet 2016.

Avisa skriv at Nederland fekk tilgang på ekstra mykje sensitiv informasjon frå USA som følgje av det verdifulle nederlandarane ga som følgje av Cozy Bear-infiltrasjonen.

Men Volkskrant skriv vidare at leiarar i nederlandsk etterretning har vore sinte og har følt seg svikta som følgje av at amerikansk etterretning har lekka informasjon til amerikansk media om mellom anna «amazing access of a western ally». Det skal ha ført til at Nederland har blitt meir forsiktig med å dela etterretningsinformasjon, og særleg etter at Trump blei president. Den nederlanske e-tenesta vil ikkje kommentera saka.

(Filter nyheter - Noreg) Regjeringen vil la E-tjenesten lagre nettbruken din - Venstre mener ennå det er «uhyre problematisk»

Statssekretær i Justisdepartementet Sveinung Rotevatn i Venstre er intervjua om Digitalt grenseforsvar. I Regjeringserklæringa til H/Frp/Venstre varslar Venstre at dei tek atterhald om dissens når Regjeringa skal legga fram forslag om Digitalt grenseforsvar.

Statssekretær Rotevatn sa til VG i fjor at forslaget «vil være et enormt inngrep i personvernet, og det er sannsynlig at dette bryter med Grunnloven og Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen».

Men i intervjuet utelukkar han ikkje at Venstre faktisk kan stilla seg bak DGF.

«-g Jeg vil ikke utelukke at det finnes løsninger med tilstrekkelig domstolskontroll og vanntette skott som unngår at man havner i en uakseptabel situasjon.», seier Rotevatn.

Bergens Tidende har også ein leiarartikkel denne veka kor dei åtvarar mot Digitalt Grenseforsvar. (BT) Personvern under press

Frode Berg-saka:

Den spionsikta nordmannen møtte denne veka for fyrste gong i retten, kor han blei fotografert i eit glasbur. Han var særs prega av å ha sete seks veker i russisk fengsel. I byretten i Moskva konkluderte dommaren med at han framleis må sitja fengsla.

(NRK) Protesterer på tolken i retts­saken mot spion­siktede Frode Berg

(NRK) Ordfører til statsminister Erna Solberg: - Få Frode Berg hjem!

(Aftenposten) Fortvilet Frode Berg gråt i retten i Russland

(Canberra Times - Australia) New espionage laws could hobble oversight of spy agencies

Leiar for det australske kontrollorganet (IGIS) for etterretnings og tryggleikstenestene i landet generalinspektør Margaret Stone har i ei høyringsfråsegn åtvara mot ei lovendring som kan gjera jobben til det australske kontrollorganet vanskelegare.

Lova som skal beskytta mot spioner og utanlandsk innblanding kan hindra varslarar i Australias «spion-tenester» å varsla, fryktar Stone.

Årsaka er at lovforslaget slik det er no gjer det kriminelt å inneha og dela «inherently harmful information» - informasjon som i seg sjølv kan gjera skade.

Generalinspektøren meiner at lovforslaget kan tolkast slik at både tilsette i kontrollorganet og i tenestene som svarar på spørsmål frå kontrollorganet, kan bli ramma av straffebestemminga som kan gi opp mot 15 år i fengsel.

(Reuters) Tech firms let Russia probe software widely used by U.S. government

Nyhetsbyrået fortel at store teknologiselskap som SAP, Symantec og McAfee har late russiske styresmakter få lov til å leita etter sårbarheiter i programvaren deira. Reuters viser til at mange amerikanske statlege verksemder bruker programvare frå desse selskapa. (Og det gjeld nok mange andre land og.)

Selskapa lét russerane sjekka programvaren for å få tilgang til den russiske marknaden, og russiske styresmakter seier dei måtte gjera det for å oppdaga svakheiter som kan bli utnytta av hackarar. Reuters hintar i det minste sterkt om at Russland også kan bruka svakheiter dei finn til å hacka seg inn verksemder som til dømes Pentagon, NASA, utanriksdepartementet og FBI, men at det ikkje er dokumentert at det har skjedd.

Reuters har snakka med ekspertar som seier at amerikanske styresmakter, i motsetnad til russerane, sjeldan ber om å få innsyn i kjeldekoden når dei kjøper kommersielt tilgjengeleg programvare.

Andre saker:

(Aftenposten) Nå skal algoritmer og analyser av «big data» avgjøre hvem som blir sjekket ekstra nøye i tollen

(Adressa - kommentar) Superpolitiet kommer - til en datamaskin nær deg

(Reuters) Trump signs bill renewing NSA's internet surveillance program

(Politico) NSA deleted surveillance data it pledged to preserve

(NBC News) Alleged CIA China turncoat Lee may have compromised U.S. spies in Russia too (jamfør saka frå førre medieoppsummering)

(Aftenposten) Politiet brukte falske basestasjoner i 107 tilfeller i fjor - kraftig vekst fra året før

(NBC news) Trump to Davos: ' America First does not mean America alone'

(NRK) Frykter at nazister vil påvirke valget i Sverige

(Danmarks Radio) Chipproducenten Intel fraråder eget sikkerheds-fix (!!)

(Techchrunch.com) Linus Torvalds declares Intel fix for Meltdown/Spectre 'COMPLETE AND UTTER GARBAGE'

(Telegraph - Storbritannia) British 15-year-old gained access to intelligence operations in Afghanistan and Iran by pretending to be head of CIA, court hears

(New York Times) Trump Ordered Mueller Fired, but Backed Off When White House Counsel Threatened to Quit

(Reuters) Trump says he is willing to testify under oath in U.S.-Russia probe

(NRK) Kritikk mot FBI: Krav om ny spesialetterforsker

(Foreign Policy) How to Stop the War Between Turkey and the Syrian Kurds

(Aftenposten) USA sendte soldater til Syria for å bekjempe IS. Nå fortsetter oppdraget med nye mål.

(The Verge) Artificial intelligence is going to supercharge surveillance

(TV2) Forskere, som fikk i oppdrag å se om nasjonen har lært tilstrekkelig etter 22. juli-terroren, gir et nedslående svar i ny rapport.

(The Intercept) NSA Deletes " Honesty" and "Openness" From Core Values

(NRK Finnmark) Ny «skuterbataljon» vokter nå den norsk-russiske grensen

(Welt) AfD-Kandidat für Geheimdienst-Kontrollgremium fällt durch

Kandidaten til det høgre-radikalepartiet Alternativ für Deutschland blei ikkje valt av Bundestag til å sitja i det parlamentariske kontrollorganet for tyske e-tenester. Alle dei andre kandidatane frå dei andre partia blei valt.

(Guardian) UK warned that Russian threat requires increased defence spending

(Danmarks Radio) Kampen mod cyberangreb skal styrkes med 1,4 milliarder i nyt forsvarsforlig

(Wired) Congress Renews Warrantless Surveillance-And Makes It Even Worse

(Haugesunds Avis +) Syrisk eks-etterretningsoffiser siktet for å ha lammet sentralbordet til politiet i Haugesund, regjeringskvartalet og slottet.

(Aftenposten) Inge D. Hanssen om Ubaydullah Hussain-dommen: - En enestående dom

(ZDNET) Twitter says 50,000 Russia-linked accounts tweeted during 2016 US presidential election

(SVT.se) Efter terrordådet: Polisen vill ha bättre kameraövervakning

(SVT.se) Pirater avlyssnade Folk och försvar med falskt wi-fi

Dette er konferansen kor dei fire sjefane for norsk/svensk/dansk/finsk PST møttes offentleg for fyrste gong, og som det stod om i førre medieoppsummering.

(Aftenposten) Politiet kan «se» Brumunddal sentrum hele døgnet - oppklarte 35 lovbrudd på tre år

(VG pluss) Fem spioner som forandret verden

(ZDnet) Windows 10 privacy guide: How to take control

(ZDnet) Senator calls out FBI director's 'ill-informed' encryption backdoor views

(New York Times) No Passport or Ticket: How a Woman Evaded Airport Security and Flew to London

(Dagbladet pluss) Kona spionerte på mannen. Og han spionerte på kona.

(Washington Post) After a year of Trump, Russians are still waiting for the thaw

(Pressemelding frå Telenor) Frykter mer digital utpressing

(Aftenposten +) Amerikanere på Værnes: "Krig er ikke noe vi tenker på. Men vi gjør det vi blir bedt om."

(Foreign Policy) Lawmakers Demand Investigation Into Lack of Whistleblower Protections for Spies

(Aldrimer.no) Loran C-riving gir sårbarhet ved GPS-svikt

(Guardian) 'Is whistleblowing worth prison or a life in exile?': Edward Snowden talks to Daniel Ellsberg

(Aldrimer.no) Russland leverer avansert missilsystem til Kina

(Spiegel) Neue Geheimdienstzentrale: "Wenn Sie erst einmal drin sind, können Sie sich relativ frei bewegen"(Bli med inn i dei nye lokala til den tyske e-tenesta BND)

(TV2) Bhatti får ikke vite om tips fra Norge førte til pågripelse

(Information - Danmark) EU-Parlamentet stemmer for at bremse salg af overvågningsteknologi til diktaturstater

(VG) Slik tjener Norge på missilsalg til Saudi-Arabia - tross forbud

(VG) Sikkerhetshull i skoleportal: IT-ekspert mener han kan få tilgang til dine barns webkamera

(Intelnews.org) Britain to set up intelligence unit to combat 'fake news' by foreign states

(The Atlantic) The Strange Cases of Anti-Islam Politicians Turned Muslims

(Dinside.no) WPA3 skal gi sikrere nettverk - Snart blir det tryggere å bruke åpne nettverk

(digi.no) Har lagt lokk på datainnbruddet hos Sykehuspartner

(Aftonbladet) "Ångrar att jag inte flyttade till Israel i stället för Malmö"< /span>

(ABC Nyheter) Putins hemmelige våpen

(VG) I fjor ble en uferdig forskningsrapport om Heimevernet delt av nettstedet Aldrimer.no. Nå sier Forsvarets Forskningsinstitutt at den ble endret på.

(Intelnews.org) Bulgarian ex-spy director jailed for embezzling millions from public coffers

(Wired) Tinder's Lack of Encryption Lets Strangers Spy on Your Swipes

(South China Morning Post) Surveillance under the sea: how China is listening in near Guam

(South China Morning Post) China 'warns off' US destroyer near South China Sea's strategic Scarborough Shoal

(Digi +) Sikkerhetsmyndighetene anbefaler denne vesle mobilpluggen

(CNN) How the seizure of a US spy ship by North Korea nearly sparked nuclear war (historisk sak)

Litt kultur:

(Dagbladet) Morten Tyldums nye spionserie er både smart og original

Frå Regjeringa:

(Pressemelding) Videreutvikler svensk-norsk forsvarssamarbeid

Frå Stortinget:

Skriftleg spørsmål frå Zaineb Al-Samarai (Ap) til forsvarsministeren

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=70946

Hvilke rutiner har Forsvaret per i dag for sikkerhetsklarering av vernepliktige og hva vil forsvarsministeren gjøre for å hindre at den lange saksbehandlingstiden for klarering av vernepliktige med tilknytning til andre land ikke i praksis blir en utelukking fra tjenestegjøring i Forsvaret for disse unge menneskene?

Statsråden har ikkje svart enno.