Medieoppsummering veke 18 2021

Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no


Innstillingar om rapporten for å utrede Stortingets kontrollfunksjon

Kontroll- og konstitusjonskomiteen har levert ulike innstillingar med bakgrunn i rapporten frå Harberg-utvalet. (Alle innstillingane er ikkje levert enno.)

Den innstillinga som gjeld EOS-utvalet og EOS-kontrolloven kan du lesa her.

Til trass for innvendingar frå EOS-utvalet, i eit brev sendt i mars til komiteen, gir komiteen støtte til følgande forslag frå Harberg-utvalet:

  • Forslag om å endra maksperioden for eit utvalsmedlem frå 10 til 8 år med ein oppnemningsperiode på 4 år,
  • Forslag om at det er utvalet som tilset sekretariatsleiar
  • Forslag om åremål for sekretariatsleiar på 6 år, med moglegheit for ein gjenoppnemningsperiode.

Også verdt å legga til følgande i innstillinga:

«Komiteen legg merke til at Stortinget sin administrasjon er klareringsmyndigheit for Sivilombodsmannen, for Ombodsmannen for Forsvaret og for EOS-utvalet sine medlemmar og tilsette i sekretariatet. Riksrevisjonen er eiga klareringsmyndigheit. Komiteen viser til at spørsmålet om ei felles klareringsordning for alle Stortingets eksterne organ må venta til vurderinga av om Riksrevisjonen framleis skal revidera Stortingets administrasjon, er klar.»

Sjå også innstillinga som gjeld ny sivilombodslov, der det er usemje om Sivilombodet skal få innsyn i regjeringsnotat, og innstillinga kor det blir foreslått eit eige NAV-ombod.


Frode Berg-saka og særskilt melding frå EOS-utvalet

Eit knapt fleirtal i den særskilte komiteen for behandling av EOS-utvalets særskilde melding ba Stortingets presidentskap om å setja i gang ein prosess for å  avgradera samandraget av den graderte rapporten. Men no har eit endå knappare fleirtal, takka vera stortingspresidentens dobbelstemme, vedteke at dei ikkje ønsker at Stortinget skal avgradera sammendraget av den graderte rapporten frå EOS-utvalet. Eit mindretal beståande av visepresidentane frå Ap og SP ønsker derimot det. No blir det opp til Stortinget å avgjera om rapporten blir avgradert. Men det ser ikkje slik ut ifølgje fordi det i følgje fleire mediesaker tyder på at regjeringa og Frp er mot. Dermed er det ikkje fleirtal for avgradering på Stortinget.

Argumenta frå dei som ikkje vil avgradera er:

«Flertallet mener på prinsipielt grunnlag at Stortinget ikke bør overprøve forvaltningens vurderinger av behovet for gradering med utgangspunkt i de skadefølger dette kan ha for nasjonale sikkerhetsinteresser. Et eventuelt unntak fra dette må forbeholdes helt ekstraordinære situasjoner. Stortingets behandling av en rapport fra et av Stortingets eksterne kontrollorganer er etter flertallets vurdering ikke å anse som en slik ekstraordinær situasjon, selv om den aktuelle saken har fått stor offentlig oppmerksomhet. Flertallet viser til at Forsvarsdepartementet har vurdert sammendraget fra EOS-utvalget, og at departementet vanskelig kan se at de hensyn som skulle tilsi avgradering, veier tyngre enn hensynet til skjerming av nasjonale sikkerhetsinteresser i denne saken. Flertallet viser videre til at EOS-utvalget er oppnevnt av Stortinget for å føre kontroll med virksomhetene til de hemmelige tjenestene på Stortingets vegne. EOS-utvalget er derfor gitt vid rett til innsyn i tjenestenes virksomhet. Flertallet legger også vekt på at Stortinget har mulighet til å gjennomføre en fullverdig parlamentarisk behandling av EOS-kontrollutvalgets konklusjoner uten at dokumenter i saken offentliggjøres. Hensynet til Stortingets kontroll med forvaltningen nødvendiggjør derfor ikke avgradering. Flertallet viser videre til at en beslutning om avgradering fra Stortinget vil kunne danne presedens for senere saker og bringe spørsmålet om avgradering inn i Stortingets løpende politiske arbeid på en uheldig måte. En eventuell overprøving av regjeringens vurderinger i spørsmål som gjelder skadefølger for nasjonale sikkerhetsinteresser, vil også kunne ha alvorlige konsekvenser for både Stortingets egen, EOS-utvalgets og andre kontrollorganer for Stortinget sin tilgang til gradert informasjon i fremtiden.»

Argumenta for dei som vil avgradera samandraget er:

«Disse medlemmer legger til grunn at det må foreligge tungtveiende hensyn for at Stortingets skal beslutte å avgradere informasjon utstedt av andre, men mener at slike hensyn gjør seg gjeldende i saken om Frode Berg. Disse medlemmer legger betydelig vekt på at Stortingets eget kontrollorgan, EOS-utvalget, mener at sammendraget har et innhold som kan gjøres kjent for offentligheten, og mener at Stortinget bør stille seg bak utvalgets vurdering. Disse medlemmer vil vise til at dette er første gang i løpet av EOS-utvalgets 25-årige historie at utvalgets overordnede konklusjoner har måttet oversendes Stortinget i form av et gradert dokument. Disse medlemmer mener derfor at denne saken er så ekstraordinær at eventuelle konsekvenser for fremtidige saker ikke kan tillegges avgjørende vekt. Disse medlemmer mener videre at det er viktig at det kan være en åpen og demokratisk debatt om den parlamentariske kontrollen. Allmennheten har derfor en berettiget interesse i å kunne seg gjøre seg kjent med EOS-utvalgets hovedkonklusjoner, selv om også disse medlemmer er innforstått med at det finnes informasjon i saken som det er riktig å skjerme for innsyn av nasjonale sikkerhetsinteresser.»

Les heile innstillinga frå Stortingets presidentskap her.

Mediesaker:

(NTB) Rapporten om Frode Berg-saken forblir hemmeligstemplet dersom stortingsflertallet følger presidentskapets innstilling om å ikke offentliggjøre den.

(NRK) Stortinget vil ikke offentliggjøre Frode Berg-rapport

(VG) Presidentskapet i Stortinget har avslått anmodningen om å avgradere rapporten om Frode Berg og E-tjenesten, som EOS-utvalget sendte til Stortinget tidligere i år.

(Aftenposten – kommentar av Harald Stanghelle) Et folkevalgt knefall

(NRK) Høyre mener en avgradering av deler av EOS-rapporten om Frode Berg-saken kan føre til mer hemmelighold. Opposisjonen på Stortinget reagerer sterkt på truslene.


Oppsiktsvekkande sak i Aftenposten basert på gradert dokument og Riksrevisjonen-rapport

(Aftenposten) Hemmeligstemplet dokument: UD tillot våpeneksport til Emiratene selv om landet brøt folkeretten

(Aftenposten – kommentar av nyheitsredaktøren) Derfor publiserer Aftenposten gradert informasjon

(NTB) Nasjonal sikkerhetsmyndighet oppretter sak etter at Aftenposten offentliggjorde gradert informasjon

(Aftenposten) Prio-forsker kritisk til UDs risikovurdering av våpeneksport

(Aftenposten) Frivillige organisasjoner reagerer sterkt etter våpenavsløring. Redd Barna krever at «dette må nå få konsekvenser».

(Aftenposten) SV-lederen vil ha ekstern gransking av våpeneksporten til Emiratene

(Bistandsaktuelt) Bare SV vil ha gransking av våpeneksporten

(Aftenposten – leiar) Søreide har et forklaringsproblem


Dom mot IS-kvinne

(VG) Den norske IS-kvinnen (30) ble dømt til tre og et halvt års fengsel for deltagelse i terrororganisasjonen IS. Dommeren vektla ikke kvinnens argument om å være et offer for menneskehandel. Hun anker dommen

(NRK) Deltakelse i en terrororganisasjon bør føre til en mer alvorlig straff enn tre-fire års fengsel, mener Fremskrittspartiets Jon Helgheim.

(Aftenposten – kommentar av Andreas Slettholm) Å hente hjem IS-medlemmer for å stille dem til ansvar er kanskje ikke så dumt.

(NRK – kommentar av Olav Rønneberg) Dommen er dårlig nytt for de andre kvinnene


Interessant rapport om Canadas e-tenester utveksling av informasjon med samarbeidande utanlandske tenester

I den ferske kontrollrapporten til kanadiske NSIRA tilrår dei mellom anna:

  • At etterretnings- og tryggingstenester og andre deler av styresmaktene som deler informasjon med utanlandske partnarar bør dela «best practice» seg sjølv i mellom.
  • Det bør bli ein standardisert og felles måte å gjera risikovurderingar på før ei teneste/styresmakt deler informasjon.

Les heile kontrollrapporten her

I tillegg har NSIRA ein relativt fersk rapport som handlar om SIGINT-tenesta CSE sine sjølvrapporte avviksmeldingar om mellom anna «privacy incidents». Den rapporten kan du lesa her.


 Årsrapporten frå Sveits’ kontrollorgan for hemmelege tenester

I den veldig interessante årsrapporten for 2020 frå kontrollorganet AB-ND som kontrollerer både lovlegheita og effektiviteten til tenestene kan du mellom anna lesa om:

  • Forbetringspunkt hos den nasjonale e-tenesta som mellom anna gjeld samarbeid med andre tenestar og HUMINT.
  • Interessant om at i Sveits har du faktisk som hovudregel rett til innsyn til informasjonen som e-tenestene sit på om deg. (Men i dei aller fleste tilfella blir innsynsretten «forskyvd» til det ikkje lenger utgjer ein fare for rikets tryggleik.)
  • Kontrollorganet gir e-tenesta kritikk for at politikarar og journalistar har fått betre og meir detaljerte svar på innsynsførespurnader enn kva vanlege borgarar har fått.
    • Ein interessant kontrollmetode var at kontrollorganet tok kontakt med ein del av dei som hadde bedt om innsyn og stilte ulike spørsmål om kva som hadde skjedd og kor nøgde dei var.
  • Utførleg om metodane AB-ND bruker for å kontrollera tenestene.
  • At kontrollorganet har samarbeidd med andre sveitiske kontrollorgan om konkrete kontrollar.
  • Ei liste med ein del av datasystema som den nasjonale e-tenesta har.

Les heile rapporten her på tysk og her på fransk


Interessant frå Nederlands førehandskontrollorgan

Ved litt omsetjingshjelp kan me vidarebringa litt interessant informasjon frå Nederlands førehandskontrollorgan TIB si årsmelding for 2020. Det kjem mellom anna fram at dei to e-tenestene i fjor sendte inn 2165 førespurnader om å bruka skjulte tvangsmiddel. Det var ei auke på heile 22,6 prosent frå 2019. Kontrollorganet skriv at auken har gitt stort press på deira kapasitet til å gjera ein ordentleg førehandskontrol.

I 8,1 prosent av tilfella kor regjeringa hadde gitt løyve til den militære e-tenesta MIVD, konkluderte kontrollorganet med at det var eit ulovleg løyve. Det tilsvarande talet for den sivile e-tenesta AIVD var 1,9 prosent. Desse tala var høgare i fjor enn i 2019, særleg for MIVD.

TIB sine avgjerder er bindande.

Kontrollorganet gir også tenestene, særleg AIVD, kritikk for at informasjon som er gitt i søknadane for å driva skjulte tvangsmiddel har vore feil.

TIB viser også til at førespurnader om å bruka skjulte tvangsmiddel mot «organisasjonar», formelle eller uformelle har auka, og at det er noko dei vil følgja ekstra nøye med på.

Som i Noreg har også tenestene «hastekompetanse» kor dei kan setja i gang bruk av skjulte tvangsmiddel før det er godkjent, men det må bli godkjent i etterkant. Det var i høvesvis 2,1 prosent (AIVD) og 1 prosent (MIVD) av tilfella at det blei brukt. Ikkje i nokre av dei tilfella viste etterkontrollen at dette var ulovleg overvaking.

TIB skriv at dei ventar at kabel-overvakinga som det nederlandske parlamentet har godteke, vil bli sett i drift i løpet av 2021.

(Årsmeldinga for 2020 til EOS-utvalets «søsterkontrollorgan» CTIVD skal omsetjast til engelsk så kjem tilbake med meir info om den då, men det meste av resultata av kontrollane er allereie publisert i rapportar som ligg på nettsida deira, og dei fleste av dei er også omtala i tidlegare medieoppsummeringar. Det er uansett ein ting som er interessant å merka seg frå årsmeldinga –  i 2020 inngjekk kontrollorganet eit forskingsamarbeid med Utrecht universitet.)

PS! Nederlands Riksrevisjon har no publisert ein engelsk versjon av effektivitetskontrollen dei har gjort med landets to e-tenester, som tidlegare er nemnd her i ei tidlegare medieoppsummering. Les rapporten på engelsk her.


 Årsrapport frå Canadas førehandskontrollorgan

The Intelligence Commissioner-systemet i Canada er ikkje heilt ulikt det i Nederland. Det er kontroll av godkjenningar som er gjort av regjeringa og i nokre tilfelle e-sjefen.

I årsrapporten kan du mellom anna lesa om metoden førehandskontrollorganet brukar når dei vurderer om godkjenningar av «overvakingsordre» er lovlege. Det er også interessant å lesa korleis dei vurderer kva som er lov og ikkje når e-tenestene handsamar data, til dømes store datasett kor det hovudsakeleg er informasjon om kanadiarar.

I dei seks ulike sakene kontrollorganet vurderte i 2020, som mellom anna gjaldt SIGINT-innhenting mot utlendingar utanfor Canada, var det ingen som blei kjend ulovlege.

Kontrollorganet forventar fleire saker i åra som kjem.

Les heile rapporten frå Office of the Intelligence Commissioner her


Årsmelding frå etterretningsutvalet i Riksdagen i Finland

Litt seint, men no har eg fått tilgang på 2019-årsmeldinga (på svensk) som er den fyrste frå Riksdagens etterretningsutval. Der kjem det mellom anna fram at:

  • Det bør komma på plass ein ordning som gjer at det er ein stedfortredar for etterretningsombodsmannen (som er Finlands nye ekspert-kontrollorgan for e-tenestene).
  • Førehandskontrollsystemet minnar om Noreg sitt – det er Helsingfors tingsrätt som står for den.
  • Om overlappande kontrollmandat mellom etterretningsombodsmannen og dataombodsmannen (tilsvarande Datatilsynet i Noreg)
  • Om korleis internkontrollen fungerer
  • Ein god samla oversikt over det finske kontrollsystemet, som blei reformert for eit par år sidan

Sjå vedlagt årsmelding i pdf-format om du vil lesa henne.


USA-Noreg-avtalen om forsvar får Russland til å reagera

(Aftenposten) Amerikanske soldater skal få holde på i Norge som om de var i USA. Naturlig, sier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

(VG) Russland hevder at Norge bidrar til militarisering i Arktis og kommer med hard kritikk mot forsvarsavtalen som regjeringen har inngått med USA. Avtalen åpner for amerikanske investeringer på flere militære baser i Norge.

(Dagsavisen – leiar) Norsk-amerikansk forsvarsavtale er et åpenbart brudd med norsk basepolitikk.

Forsvarsministeren har også svart på skriftlege spørsmål om saka frå Raudt-representanten Bjørnar Moxnes. Les spørsmåla og svara her.

Relevante saker:

(VG) Flere innbyggere i Tromsø er svært kritisk til mottak av atomdrevne Nato-ubåter, og mener det har vært dårlig involvering og informasjon i saken.

(VG) Forsvarsministeren fnyser av atom-protest: − Går på «en liten rosa sky»


Veldig interessant statistikkrapport frå USAs e-tenester

I rapporten som du kan lesa her kjem det mellom anna fram at i 2020 var over 200.000 utlendingar under målretta overvaking av USA


Imponerande avsløring av Filter Nyheter

(Filter Nyheter) Slik kobler Alliansen tenåringer med nynazister i valgkampen


Høyring om å gi politiet tilgang til fingeravtrykkopplysningar frå Eurodac

(Regjeringen.no – pressemelding) Vil gi politiet nytt virkemiddel i kampen mot terror

Les høyringsnotatet om «forslag til endringer i utlendingsloven og utlendingsforskriften – rettshåndhevende myndigheters tilgang til Eurodac» her.


Apple med sikkerheitsoppdatering

(Tek.no) Nå er det på tide å oppdatere Apple-enheten din igjen

(Apple support) About the security content of iOS 14.5.1 and iPadOS 14.5.1


Etterspelet etter åtaket på Kongressen I januar

(NBC News) FBI still after ‘worst of the worst’ in Capitol riot as new arrests come at steady pace

(New York Times – kommentar) Trump’s Big Lie Devoured the G.O.P. and Now Eyes Our Democracy


Interessant IS-sak i Aftenposten

(Aftenposten) Det norske nabolaget i Den islamske staten


Særs interessante saker frå Danmark

(Politiken) Et kinesisk talentprogram, som ifølge FBI bruges målrettet til industrispionage, har i årevis rekrutteret topforskere i Danmarks vindmølleindustri. Ifølge Politikens undersøgelse har forskerne i flere tilfælde takket ja til at arbejde for Kina uden at fortælle deres danske arbejdsgivere om det.

(Politiken) Kina hyrer vindmølleforskere via talentprogram, som bliver mistænkt for industrispionage

(Politiken) Sikkerhedschef advarer om 1000 Talenter: Det begynder som en uskyldig invitation om at komme til Kina og give en forelæsning. Og så sidder forskerne i saksen

(Politiken) Flere lande vil bremse truslen fra Kinas rekruttering af forskere

(Politiken) Kinas rekruttering af forskere skal drøftes fortroligt i Folketinget

(Politiken) Vindsektorchef om Politiken-undersøgelse: »Jeg har en forventning om, at PET og FE allerede sidder og kigger ned i det her«


Rapport frå den såkalla teledatasaken er klar i Danmark

Les rapporten her.


Terrortiltalt 16-åring

(NRK) 16-åring tiltalt for terrorplanlegging: Fant ingredienser til eksplosiver


Om terror og terrorlovgiving i Frankrike

(VG – innlegg) Frankrike ble igjen rammet av et islamistisk terrorangrep. Nok en gang rettet mot politiet, denne gangen en 49 år gammel tobarnsmamma i slusen på politistasjonen.

(Intelligence Online) Last minute shakeup as intelligence bill to be passed


Om datalagringsdirektivet i Danmark – som ikkje blei lagt bort som i Noreg

(Information) I dag begynder en retssag, hvor aktivister vil forsøge at stoppe logning af danskernes teledata.


Om uttrekkinga av Afghanistan

(NTB) Nato er på vei ut etter 20 år med krig i Afghanistan. Dette har det kostet.

(Washington Postt) As the U.S. departs Afghanistan, will the old Taliban reemerge?

(Forsvarets Forum) Styrkesjefen i Kabul: – Det er ingen som går rundt her og er bekymret

(NTB) Dødstallet stiger etter bombeangrep i Afghanistan

(NTB) Minst 15 afghanske regjeringssoldater er drept i Taliban-angrep vest i landet, opplyser lokale myndigheter.

(NTB) Taliban er på offensiven sør i Afghanistan, og amerikanske krigsfly bisto nylig afghanske styrker i et omfattende luftangrep


Om Ukraina, Russland og Vesten

(NTB) Pentagon: 80.000 russiske soldater fortsatt utplassert på grensen til Ukraina

(BBC) Antony Blinken: US will respond to reckless Russian acts

(NRK – kronikk av Julie Wilhelmsen) Tillitkrisen mellom Russland og Vesten blir stadig dypere. Det er ingen enkle veier ut av uføret.

(Forsvarets Forum – innlegg) Vi bør ikke slå oss til ro med Putins folkerettsbrudd


Frankrike og Storbritannia i fiskedisputt

(BBC) UK Royal Navy ships patrolling Jersey amid fishing row with France

(NTB) Frankrike sender to patruljebåter til Jersey under fiskerikonflikt

(New York Times) From Fish to Warships: How a Small Britain-France Dispute Flared


Falsk nyheit om falsk video

(The Verge) ‘Deepfake’ that supposedly fooled European politicians was just a look-alike, say pranksters


Høgre-ekstrem vald i Tyskland aukar

(Deutsche Welle) Germany: Right-wing criminality at a record high

(NRK) Tysk minister: – Samfunnet er «brutalisert» av høyreekstrem vold



Andre saker:

(BBC) Five Eyes: Is the alliance in trouble over China?

 (Forsvarets Forum) Togprodusent frykter spionasje fra selskapet som ville kjøpe Bergen Engines

 (Guardian) Far-right terror suspects arrested in Yorkshire, Wiltshire and Wales

(MIT Technology Review) How China turned a prize-winning iPhone hack against the Uyghurs

 (VG/NTB) Norskiraner funnet skyldig i medvirkning til attentatplan

(Bellingcat) How GRU Sabotage and Assassination Operations in Czechia and Bulgaria Sought to Undermine Ukraine

(Aftenposten) Allerede måneder før det israelske valget for over to uker siden, endte det nesten i krig da en hemmelig militæroperasjon inne i Gaza gikk helt galt.

(New York Times) Fierce Foes, Iran and Saudi Arabia Secretly Explore Defusing Tensions

(FHI – pressemelding) Google sier at de nå har rettet sårbarheten i systemet for smittesporing som blant annet Smittestopp bruker. Sårbarheten gjaldt kun Android-brukere.

(Yahoo news) How a brutal assault led a woman to one of the CIA’s most valuable Russian spies

(Guardian) Havana syndrome: NSA officer’s case hints at microwave attacks since 90s

(Forsvarets Forum) Natt til onsdag 21. april slo tsjekkisk politi til mot en prorussisk paramilitær organisasjon. Organisasjonen skal ha sendt fremmedkrigere til Øst-Ukraina. Tsjekkiske påtalemyndigheter mener hensikten har vært å skaffe seg trening som kunne brukes til terrorhandlinger.

(Guardian) Eight killed as security forces open fire on protesters in Myanmar

(Digi) USA ber Signal utlevere meldinger som er ende-til-ende-kryptert

(Defense One) Ten Years After Bin Laden, We Still Need Better Intelligence Sharing

(EU Observer) EU summons Russia ambassador for first time ever

(Politico) UK tools up against China’s intel gathering

(The Times) Iran interference in Scottish elections causing ‘serious concerns’

(Teknisk Ukeblad) Forskningsjuks funnet i enda ett prosjekt ved Haldenreaktoren

(SVT) Sveriges radio-reporter hade privat koppling till känd islamist

(NRK) Datatilsynet varsler bot på 5 millioner kroner mot bomselskap etter NRK-oppslag

(SVT) Deltagande i rasistiska organisationer som förföljer en folkgrupp kan snart bli olagligt. Det föreslås i en ny utredning.

(Ars Technica) New Spectre attack once again sends Intel and AMD scrambling for a fix

(Al Jazeera) Maldives ex-President Mohamed Nasheed ‘critical’ after bomb blast

(Vice) This Is the NSA’s 650-Page Guide to the Internet“guiden” skal vera frå 2007

(Euractiv) Belgium suffers major cyberattack

(DN – spaltist) Militære trusler, diplomatiske utvisninger og gjensidige sanksjoner er blitt dagligdags. Men slik dosering kan bli dødelig.

(CNN) Why are Australian officials hinting at war with China?

(NBC News) Suspected intruder dies after being shot by FBI agents outside CIA headquarters

(NRK) Universitetet i Oslo åpner omstridt Kina-senter

(NUPI webinar) Hviterussland: Politisk mobilisering og undertrykkelse

(New York Times) Russian Spy Team Left Traces That Bolstered C.I.A.’s Bounty Judgment

(Ringerikes Blad) Forsvaret ansetter flere på Eggemoen


 Vekas politi-som-ikkje-ser-ut-til-å-anerkjenna-privat-kommunikasjon-nyheit

(ZD Net) ACIC believes there’s no legitimate reason to use an encrypted communication platform



Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no

Les tidlegare medieoppsummeringar her