Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no
Ledige stillingar i EOS-utvalets sekretariat
EOS-utvalet skal tilsetja to nye juristar i sekretariatet. Les meir om stillinga her.
Etterretningsskandalen i Danmark
Ein skandale om Forsvarets Efterretningstjeneste (FE) har rysta Danmark denne veka. Som følge av ei særskilt undersøking i regi av EOS-utvalets kontrollkollegaer i Danmark, Tilsynet med Efterretningstjenesterne (TET), er både sjefen for FE og andre leiarar i Danmarks utanlandsetterretningsteneste suspendert. Også Danmarks kommande ambassadør til Tyskland, med bakgrunn som FE-sjef, er «fritatt frå teneste».
Undersøkinga er gjort som følge av at TET fekk informasjon frå «én eller flere whistleblowere» om FE. Tilsynet har levert ein analyse «i fire bind» til regjeringa, men har også offentleggjort ei pressemelding med det tilsynet kan seia ugradert. Konklusjonane er knallharde overfor FE, og dei peiker på at:
- FE har ved fleire høve halde tilbake sentrale og viktige opplysningar for tilsynet, samt også gitt falske opplysningar om tenestas innhenting og utlevering av opplysningar.
- At det er risiko for at det ulovleg kan gjerast innhenting mot danskar.
- At Fe har unnlate å følga opp eller undersøka «indikationer på spionage inden for Forsvarsministeriets område.»
- At det i leiinga i FI og deler av tenesta er ein «uhensigtsmæssig legalitetskultur».
- Dokumenta tilsynet har fått indikerer at det før tilsynet blei oppretta i 2014 var sett i gang ulovlege operasjonar, inkludert innhenting og utlevering av ein stor mengde opplysningar om danskar.
- At FE ulovleg har behandla opplysningar om ein tilsett i tilsynet.
I den mildt sagt oppsiktsvekkande pressemeldinga skriv TET vidare at det politisk bør tas stilling til om tenesta rett og slett utfører si oppgåve som nasjonal tryggleiksmyndigheit, og om FE har opplyst politisk leiing om kva dei eigentleg driv med.
TET meiner også at politikarene så fort som mogleg bør sjå på om tilsynet har eit bredt nok mandat og nok ressursar for å gjennomføra ein effektiv legalitetskontroll av FE. Dei ønsker seg mellom anna mandat til å avhøyra tilsette i FE og at det skal bli ein ordning for varslarar tilknytt tilsynet.
Etter at dette blei kjent, har det også vore toppsak dag etter dag i danske medier. Tilnærma alle politiske parti har også kome med kraftige reaksjonar, og det vil no med all sannsynlegheit bli sett i gang det danskane kallar «kulegravning» (omfattande undersøking av saka).
Det har også blitt debatt om Folketingets udvalg om dei danske e-tenestene. Der sit topp-politikarar frå dei største partia i Folketinget. Men det er særs hemmeleghetsfullt kva som skjer i det utvalet, og dei som sit der får ikkje fortelja noko, noko som også har ført til stor frustrasjon hos enkelte av utvalsmedlemmene. Leiaren i utvalet har også trekt seg denne veka.
Det er også interessant å merka seg at det er politifolk som skal inn i Forsvarets Efterretningstjeneste for å «rydda opp».
Torsdag kom det også ei ny vending i saka då Danmarks Radio skreiv at et samarbeid mellom FSA og amerikanske NSA om avlytting av sentrale kommunikasjonskablar er det som er grunnlaget for kritikken frå tilsynet. Dette er ikkje stadfesta av det danske tilsynet.
Les pressemeldinga frå TET her.
Relevante mediesaker:
(TV2 – Danmark) Politikere i hård kritik af FE-skandale: - Det er helt vildt, hvis det politiske system er blevet holdt for nar
(Danmarks Radio) FE-skandale omhandler tophemmeligt spionagesamarbejde med USA
(Danmarks Radio) Rigets hemmelige spiontjeneste: Opgaven er at få kilder til at fortælle noget, de ikke skulle
(Altinget) Politikere vil have Folketingets spionudvalg undersøgt i FE-sag
(Politiken) Whistlebloweren i spion-sagen er tilsyneladende en tidligere menig medarbejder med en sag
(Politiken) Rødt flertal åbner for frit lejde til whistlebloweren i spion-sagen
(Politiken) Forsvarsministeriet bekræfter: »Nu etableres en whistleblowerordning«
(Jyllands-Posten) Forsker er rystet over afsløringer af ulovligheder i FE: »Det ville jeg ikke have troet i min vildeste fantasi«
(Politiken) Tænketank drømmer om store svenske og norske muskler
(Danmarks Radio) Ekspert om Forsvarets Efterretningstjeneste: Det bliver svært at genskabe tilliden
(Altinget – podkast) Podcast: Hvad i alverden foregår der i Forsvarets Efterretningstjeneste?
(Forsvarets Forum – analyse) Etterretningsskandalen i Danmark er mer omfattende enn den norske Berge Furre-saken på 1990-tallet.
Saka om den spionsikta nordmannen og den utviste russiske diplomaten
(Aftenposten) Her feirer de russiske diplomatene sammen i Oslo. Sporene etter den spionsiktede går til selskaper i ti land.
(VG) Russland utviser norsk diplomat
(Dagbladet) Russisk diplomat var her i minst to år
(Dagbladet – kommentar av John Olav Egeland) En ingeniør er siktet for spionasje for Russland. Det bør ikke overraske. Også Norge er en stormakt når det gjelder etterretning.
(E24) PST med påminnelse til næringslivet: Spionasje større trussel enn terror
(Dagbladet) Russlands ambassade ut mot TV 2-sak: - Frekt og hensynsløst
USA og Russland viser musklar nær Noreg
(The Barents Observer) American spy-plane circles Russian Northern Fleet's exercise waters
(TV2/NTB) Et av USAs hemmeligste våpen dukket opp utenfor Tromsø
Skuldingar om at russisk opposisjonsleiar blei forgifta
(BBC) Alexei Navalny: Putin critic 'probably poisoned' - doctors
(Guardian) Kremlin rejects accusations Putin was involved in suspected poisoning of Alexei Navalny
(The Moscow Times) Navalny Still in Coma, Poisoning Symptoms Receding – Spokeswoman
Situasjonen i Kviterussland
(Euronews/AP) Putin says he's ready to send forces to Belarus if protests spin 'out of control'
(Guardian) Belarus deports Swedish journalist amid media crackdown
(BBC) Belarus protests: Two opposition figures jailed
(Bloomberg) Belarusian Officials Shut Down Internet With Technology Made by U.S. Firm
(BBC) Belarus: Nato denies foreign troops are on border
Andre saker
(BBC) Christchurch mosque attack: Brenton Tarrant sentenced to life without parole
(ZD Net) Elon Musk confirms Russian hacking plot targeted Tesla factory
(VG) Etterretningslegende Ørnulf Tofte er død
(NTB) Det svenske forsvaret trapper opp på Gotland
(Politico) U.S. service members injured in Syria after skirmish with Russian forces
(NTB) Kina anklager USA for å ha brutt flyforbudssone
(Forsvarets forum – kronikk av Tormod Heier) – Hva om USA kollapser? For få år siden ville dette spørsmålet vært ren fantasi, men ikke nå lenger.
(Dagens Næringsliv) VG-eier Schibsted ber ansatte vurdere å slette Tiktok
(Associated Press) Army Green Beret charged with spying for Russia, allegedly got Russian code name back in 1997
(NTB) PST: Økt aktivitet fra Sian kan bidra til en endring i trusselbildet
(NRK) Dataangrep mot Sykehuset Innlandet
(Intelnews) Russia expels Austrian diplomat in tit-for-tat move involving espionage claims
(C4ISRNET) AI algorithm defeats human fighter pilot in simulated dogfight
(The Barents Observer) On Russia's border to Norway comes a new radar
(NTB) Juntaen i Mali vil ha tre års militærstyre – lover å løslate presidenten
(VG) Bertheussen-saken: PST undersøker pulver-brev sendt til Elden
(ABC Nyheter) Denne norske boka kom Mossad med trusler mot
Ønsker du å få tilsendt medieoppsummeringane våre direkte på epost? Send ein epost til afa(a)eos-utvalget.no