Årskonferanse 2018

EOS-utvalets årskonferanse om kontroll med dei hemmelege tenestene var i 2018 på Litteraturhuset i Oslo onsdag den 11. april klokka 9 til 14.

Sjå opptak av konferansen her. (Youtube-lenke)

EOS-utvalets årskonferanse 2018
Kontroll av hemmelege tenester

Litteraturhuset i Oslo, onsdag 11. april 2018 klokka 9.00 – 14.00
Ordstyrar og debattleiar: Anne Grosvold

8.30-9.00 Dørene opnar – servering av kaffe/te og frukt

9.00-9.15 EOS-kontrollåret 2017 – Om skjulte tvangsmiddel og når ein person er «norsk»
Eldbjørg Løwer Leiar av EOS-utvalet om årsmeldinga for 2017.

9.15-9.50 Overvaking eller berre «registrering»? – Om semantikk og politikk.
Svein Grønnern Nestleiar i EOS-utvalet
Bjørn Erik Thon Direktør i Datatilsynet
Benedicte Bjørnland Sjef PST

9.50-10.25 Korleis kontrollera eit eventuelt digitalt grenseforsvar?
Olav Lysne Professor ved Simula forskningssenter og leiar av utvalet som foreslo å innføra Digitalt Grenseforsvar
Iain Cameron Professor i internasjonal rett ved Uppsala universitet.

10.25-11.45 Openheit i tenestene og 5 år etter Snowden (På engelsk)
Kjell Grandhagen tidlegare sjef for Etterretningstenesta
Ryan Gallagher Journalist i The Intercept (tidligere bl.a. Guardian) som har jobba mykje med Snowden-avsløringane
Gerald Folkvord Fungerande kampanjeleiar i Amnesty

Inkludert debatt kor også professor Iain Cameron og sjef PST Benedicte Bjørnland deltek.

11.45-12.15 Pause og enkel lunsj

12.15-12.45 Smart etterretning og automatisert kontroll
Morten Dalsmo Leiar for SINTEF Digital om kunstig intelligens og smart etterretning
Kjetil Otter Olsen Nytilsett leiar for den nye teknologiske eininga i Eos-utvalets sekretariat (frå 1. august) om korleis teknologi kan brukas i kontrollverksemda

12.45-13.30 Oppsummering og paneldebatt
Benedicte Bjørnland Sjef PST
Kjersti Løken Stavrum Administrerande direktør i Stiftelsen Tinius og tidlegare generalsekretær i Norsk Presseforbund
Sveinung Rotevatn (V) Statssekretær i Justisdepartementet
Håkon Haugli Medlem i EOS-utvalet og administrerande direktør i Abelia
Dag Terje Andersen (Ap) Leiar av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité
Bjørn Erik Thon Direktør i Datatilsynet

13.30-14.00 Spørsmål og kommentarar frå salen

Se programmet for konferansen i 2017 her.