Årskonferanse 2019

Debatt under konferansen: Frå venstre: Benedicte Bjørnland (PST-sjef), Inger Marie Sunde (medlem i EOS-utvalet), Harm Brouwer (leiar i CTIVD), forskar Thorsten Wetzling og ordstyrar Trude Teige. Foto: EOS-utvalet

Sjå opptak av konferansen her (Youtube-lenke)

Program

EOS-utvalgets årskonferanse 2019 – korleis betre kontrollen med dei hemmelege tenestene?

Konferansen er gratis og vil vara frå klokka 9 til 14 torsdag 28. mars på Litteraturhuset i Oslo.

Deler av konferansen vil vera på engelsk, men det meste vil vera på norsk.

Ordstyrar og debattleiar: Trude Teige

8.30-9.00 Dørene opnar – servering av kaffe/te og frukt

9.00-9.20 EOS-kontrollåret 2018
– Eldbjørg Løwer – leiar av EOS-utvalet.
Les årsmeldinga for 2018 her.

9.20-9.40 Kontroll og ny lov om e-tenesta
– Frank Bakke-Jensen (H), forsvarsminister

9.40-10.15 Sikkerheitsklarering og saker kor personar har tilknyting til andre statar
– Fredrik Thorleif Oftebro, NTLs 1. nestleiar
– Annette Tjaberg, fungerande direktør Nasjonal sikkerhetsmyndighet
– Hans Kristian Herland, Sjef Forsvarets sikkerhetsavdeling

Denne debatten vil mellom anna ta utgangspunkt i EOS-utvalets særskilde melding av 12. mars 2019 – Særskilt melding til Stortinget om ulik praksis for sikkerhetsklarering av personer med tilknytning til andre stater

10.15-11.05 Kva kan vi lære av andre land? (på engelsk)
– Harm Brouwer, leiar av CTIVD, Nederlands kontrollorgan
– Thorsten Wetzling, forskingsleiar ved tenketanken Stiftung Neue Verantwortung og ekspert på kontroll av etterretningstenester

11.05-11.40 Tenestene deler informasjon internasjonalt, men kontrollen er nasjonal (på engelsk)
– Inger Marie Sunde, professor ved Politihøgskolen og medlem av EOS-utvalet
– Harm Brouwer, CTIVD
– Thorsten Wetzling, Stiftung Neue Verantwortung
– Benedicte Bjørnland, sjef PST

Denne debatten tek utgangspunkt i den felles fråsegna EOS-utvalet saman med fire andre europeiske kontrollorgan kom med i fjor haust.
Les «Strengthening oversight of international data exchange between intelligence and security services» her

11.40-12.10 Pause og enkel lunsj

12.10-12.55 EOS-utvalet skal kontrollere at tenestene ikkje «utilbørlig skader samfunnets interesser» – men kva tyder eigentleg det?
– Ina Lindahl Nyrud, advokat i Norsk Journalistlag
– Adele Matheson Mestad, direktør ved Noregs institusjon for menneskerettar
– Ingvild Bruce, stipendiat ved institutt for offentleg rett ved Universitet i Oslo og forskar mellom anna på skjulte politimetodar, terrorlovgiving, etterretningssverksemd, menneskerettar og internasjonalt samarbeid mellom politi- og etterretningstenester.
– Michael Tetzschner, stortingsrepresentant frå Høgre og 1. nestleiar for Utanriks- og forsvarskomiteen
– Dag Terje Andersen, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet og leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget

12.55-14.00 Oppsummering og paneldebatt om mellom anna ny e-lov og kontroll. Spørsmål frå salen til slutt.
– Dag Terje Andersen, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet og leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget
– Thor Kleppen Sættem (H), statssekretær for justis- og innvandringsministeren
– Benedicte Bjørnland, Sjef PST
– Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet
– Anders Romarheim, leiar for senter for internasjonal sikkerheit ved Institutt for forsvarsstudier
– Michael Tetzschner, stortingsrepresentant frå Høgre og 1. nestleiar for Utanriks- og forsvarskomiteen
– Eldbjørg Løwer, leiar av EOS-utvalet

Sjå opptak av konferansen her (Youtube-lenke)

Informasjon om personvern:
Om du meldte deg på konferansen, vil ditt namn, epost og evt. tilknyting til organisasjon/verksemd bli lagra av EOS-utvalet. Dette vil berre brukast til å gi deg informasjon om årskonferansen 2019 og invitera deg på tilsvarande arrangement seinare. Om du ikkje vil stå på denne lista etter at årskonferansen 2019 er gjennomført, kan du gi beskjed om det, og informasjonen om deg vil bli sletta.

Les om årskonferansen 2018 og sjå opptak av han her.