EOS-utvalet har flytta til Bryn i Oslo

Utvalet har no fått eit større og sikrare lokale som er godt rusta for framtidas kontrollbehov.

Bilde av deltakere fra åpningen av EOS-utvalgets nye lokale på Bryn.
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen og sjefane for EOS-tenestene var blant dei som var til stades på innviinga av det nye lokalet.
FOTO: EOS-UTVALET

Nils Hansens vei 25 på Bryn i Oslo er bygget som EOS-utvalet og sekretariatet framover skal halda hus i. Me disponerer to av etasjane i bygget som Kripos også nyttar.

Kripos og resten av det ordinære politiet er ikkje underlagd EOS-utvalets regelmessige kontroll.

Grunnen til at utvalet har flytta, har vore behov for større plass i samband med nye tilsette i sekretariatet, samt at dei nye lokala er endå sikrare.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen var blant dei som var til stades under innviinga denne veka.

– Eg veit dette er etterlengta, og det nye lokalet vil gi gode rammer for det viktige arbeidet som utvalet gjer, sa ho.

Telefonnummeret og postadressa er den same som før, og den informasjonen finn du her.

Publisert 20. juni 2019