EOS-utvalets årsmelding for 2020

Utvalet har i dag, 24. mars 2021, avgitt årsmelding for 2020 til Stortingets president:

EOS-utvalet er oppnemnt av Stortinget for å føre kontroll med etterretnings-, overvakings- og
tryggingsteneste som blir utøvd av eller på vegner av offentlege styresmakter. Utvalet arbeider
uavhengig av Stortinget og leverer kvart år ei ugradert melding til Stortinget om si verksemd i
året som har gått. I tillegg kan utvalet levere ugraderte særskilde meldingar ved behov.

Sjå heile årsmeldinga i pdf-format her.


Politiets tryggingsteneste (PST):
Utvalet har kritisert PST i ei sak som gjeld utveksling av informasjon om ein norsk borgar til ei
teneste i eit land der det er risiko for at menneskerettane ikkje blir respekterte. I ein
gjennomgang av korleis PST utvekslar informasjon med utanlandske tenester såg utvalet på
informasjonsutveksling om ein nordmann som sat fengsla i utlandet. Utvalet uttalte at PST
hadde gjort ei mangelfull vurdering av risikoen ved å utlevere opplysningar om vedkommande
til PSTs samarbeidspartnar i det aktuelle landet.


Etterretningstenesta:
Utvalet har fullstendig innsynsrett i løpande saker i alle EOS-tenester med eitt unntak – saker
som blir definerte som særleg sensitiv informasjon hos Etterretningstenesta. I 2019 og 2020
har vi gått gjennom 19 saker/operasjonar frå fleire år tilbake i tid som ikkje lenger er definerte
som særleg sensitiv informasjon. Utvalet har ved gjennomgangen ikkje funne teikn på at
Etterretningstenesta har gått ut over sine fullmakter eller at nokon har fått rettane sine krenka.


Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Forsvarets Tryggingsavdeling (FSA):
* I ei klagesak har utvalet konkludert med at ein klagar fekk rettane sine krenka då NSM på
feil grunnlag gjorde om ei klareringsavgjerd frå KONFIDENSIELT til inga klarering.


* Både FSA og NSM fekk kritikk frå utvalet i ei klagesak for særs lang saksbehandlingstid.
Det gjekk meir enn fire år frå klareringsprosessen starta til NSM fatta si endelege avgjerd
om nekting av tryggingsklarering.

* Både NSM og FSA fekk kritikk i ei klagesak som gjaldt innsyn i klareringssak. Klagaren
blei nekta innsyn i faktiske opplysningar som var skrivne ned i eit internt dokument.
Klagaren blei i tillegg pålagd teieplikt under straffansvar for opplysningar vedkommande
sjølv hadde levert til klareringsorganet.

Sjå heile årsmeldinga i pdf-format her.

Bilde av digitalt møte mellom stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen og EOS-utvalgets leder Svein Grønnern.
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen mottok årsmeldinga frå EOS-utvalet. For andre år på rad måtte det skje digitalt. Skjermdump: Stortinget