Ny leiar og nye medlemmar i EOS-utvalet

Astri Aas-Hansen blir ny leiar for EOS-utvalet. FOTO: Ingar Sørensen

Stortinget vedtok 17. juni presidentskapet si innstilling om ny leiar, ny nestleiar og to nye medlemmar til EOS-utvalet.


Ny leiar blir Astri Aas-Hansen, dommar i Oslo tingrett og nestleiar i EOS-utvalet sidan 1. juli 2019. Aas-Hansen har tidlegare vore politisk rådgivar (2005-2007) og statssekretær (2007-2013) i Justisdepartementet for Arbeidarpartiet, og ho har jobba som advokat.

Svein Grønnern går av som leiar etter å vore med på demokratisk kontroll av EOS-tenestene heilt sidan juni 1996. Grønnern var nestleiar i EOS-utvalet frå 1997 til 2019, og leiar av utvalet frå 2019 til 2021. Aas-Hansen overtek leiarvervet 1. juli 2021.

Kristin Krohn Devold blir ny nestleiar. Ho er no administrerande direktør i NHO reiseliv. Tidlegare har ho mellom anna vore stortingsrepresentant i 12 år, inkludert fire år som leiar av justiskomiteen. Krohn Devold var også forsvarsminister frå 2001 til 2005.

Dei andre nye medlemmane i Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste er:

  • Jan Arild Ellingsen er i dag konsulent og har ulike styreverv. Han har tidlegare vore stortingsrepresentant i 16 år der han sat i Justiskomiteen og Utanriks- og forsvarskomiteen. Ellingsen er også medlem av Ombodsnemnda for Forsvaret. Funksjonstida for det vervet går ut 31. desember 2021.

  • Olav Lysne er frå 2019 professor ved OsloMET og frå 2018 administrerande direktør for Simula Metropolitan Center for Digital Engineering. Frå 1998 til 2019 var han professor i informatikk ved Universitetet i Oslo. Lysne har leia det regjeringsoppnemnde utvalet om digitale sårbarheiter, og han leia utvalet som var sett ned av Forsvarsdepartementet som leverte si utgreiing om «Digitalt grenseforsvar».

Innstillinga blei vedteken nesten samrøystes av Stortinget. Berre partiet Raudt røysta mot.

Både nestleiar og dei to andre nye medlemmane er valde frå 1. juli 2021 til 30. juni 2025.

Øyvind Vaksdal og Eldfrid Øfsti Øvstedal trer i tillegg til Svein Grønnern ut av utvalet. Periodane deira går ut 30. juni 2021.

Medlemmane Magnhild Meltveit Kleppa, Erling Johannes Husabø og Camilla Bakken Øvald er valde til 30. juni 2024. Også leiar Astri Aas-Hansen er vald til 30. juni 2024.

EOS-kontrolloven opnar for ei gjenoppnemning av utvalsmedlemmar.

Publisert 17. juni 2021