Stortinget har valt ny leiar og nye medlemmar til EOS-utvalet

Stortinget vedtok 20. juni presidentskapens innstilling om fire nye medlemmar til EOS-utvalet. Nestleiar Svein Grønnern blir ny leiar.

Svein Grønnern blir ny leiar for EOS-utvalet. FOTO: EOS-utvalet

Eldbjørg Løwer går av som leiar etter å ha leia utvalet i åtte år.

Nestleiar Svein Grønnern (67) som har vore med i utvalget sidan 1996, blir ny leiar frå 1. juli i år til og med 30. juni 2021. Grønnern har tidlegare vore generalsekretær for SOS Barnebyer i Noreg og generalsekretær for Høgre.


Astri Aas-Hansen blir ny nestleiar.
FOTO: Oslo tingrett


Innstillinga blei vedteken samrøystes av Stortinget og ny nestleiar blir Astri Aas-Hansen (48), dommar i Oslo tingrett. Ho har tidlegare vore politisk rådgivar (2005-2007) og statssekretær (2007-2013) i Justisdepartementet for Arbeidarpartiet, og ho har jobba som advokat.


Dei andre nye medlemmane i Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste vil bli:

Camilla Bakken Øvald, FOTO:Høyskolen Kristiania
  • Camilla Bakken Øvald (42), samfunnsøkonom og høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania. Ho har tidlegare vore rådgivar og sekretariatsleiar på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti.







Erling Johannes Husabø
FOTO: UiB
  • Erling Johannes Husabø (57), professor ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen med ekspertise innan strafferett, statsrett og folkerett. Han har tidlegare mellom anna vore konstituert lagdommar i Gulating lagmannsrett og medlem av Metodekontrollutvalet.





Magnhild Meltveit Kleppa
FOTO: Fylkesmannen
i Rogaland
  • Magnhild Meltveit Kleppa (70), fylkesmann i Rogaland ut juni 2019. Kleppa var vald inn på Stortinget for Senterpartiet frå 1993 til og med 2013, og var 2. nestleiar i Sp frå 1991 til 1997. Kleppa har vore statsråd i tre periodar: Sosial- og helseminister (1997-2000), kommunal- og regionalminister (2007-2009) og samferdsleminister (2009-2012). Ho har også jobba 25 år som lærar.


Nestleiar og dei nye medlemmar vil få sin funksjonsperiode frå 1. juli 2019 til og med 30. juni 2024. Ifølgje EOS-kontrolloven kan dei gjenoppnemnast ein gong.

Øyvind Vaksdal og Eldfrid Øfsti Øvstedal held fram som medlemmar i EOS-utvalet. Begge har ein funksjonsperiode til og med 30. juni 2021.

Theo Koritzinsky (i utvalet sidan 2007), Inger Marie Sunde (i utvalget sidan 2014) og Håkon Haugli (i utvalget sidan 2014) trer ut av utvalet.

Les meir bakgrunnsinformasjon her