EOS-utvalet har dessverre bestemt seg for å avlysa årskonferansen, som var planlagt 1. april.
Bakgrunnen er utviklinga i situasjonen rundt Corona-viruset det siste døgnet og Folkehelseinstituttets (FHI) tilrådingar for arrangement over 100 personar.
Etter å ha sett på tilrådingane frå FHI og alle risikofaktorane som ville gjort seg gjeldande med årskonferansen, ser me ikkje at det let seg gjera å arrangera årskonferansen på forsvarleg vis.
Dersom det let seg gjera seinare i år kan det vera at me prøver å få til ein årskonferanse 2020 likevel. Når det eventuelt kan skje, er altfor tidleg å seia noko om no.
Les om årskonferansen 2019 og sjå opptak av han her.
Informasjon om personvern:
Om du meldte deg på konferansen, vil ditt namn, epost og evt. tilknyting til organisasjon/verksemd bli lagra av EOS-utvalet. Dette vil berre brukast til å gi deg informasjon om årskonferansen 2020 og invitera deg på tilsvarande arrangement seinare. Om du ikkje vil stå på denne lista etter at årskonferansen 2020 er gjennomført, kan du gi beskjed om det, og informasjonen om deg vil bli sletta.
Publisert 19. desember 2019, oppdatert 11. mars 2020