EOS-utvalets årskonferanse 31. mars 2022

Temaet var «Kontroll med masseinnsamling av informasjon».


For deg som ikkje hadde høve til å vera til stades på konferansen kan du trykka her for å sjå opptak av konferansen via Youtube.


Programmet:

  • 8.30 – Dørene opnar.
  • 9.00 – EOS-utvalets leiar Astri Aas-Hansen presenterer EOS-utvalets årsmelding for 2021.
  • 9.15 – Sir Brian Leveson, leiar av det britiske kontrollorganet Investigatory Powers Commissioner’s Office (IPCO), om korleis kontrollen med masseinnsamling skjer i Storbritannia og korleis “Big Brother Watch-dommen” i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg påverkar det britiske kontrollsystemet.
  • 9.55 – Advokatforeningens leiar Jon Wessel-Aas om E-tenesta sitt system for tilrettelagt innhenting i lys av EU-retten og menneskerettane.
  • 1015 – Pause.
  • 1035 – Statssekretær Bent-Joacim Bentzen i Forsvarsdepartementet om tilrettelagt innhenting og kontroll.
  • 1045 – EOS-utvalets medlem Olav Lysne om utvalets kontroll med tilrettelagt innhenting og eigne erfaringar frå då han leia Lysne II-utvalet som foreslo forløparen “digitalt grenseforsvar” til han i dag skal kontrollera systemet som medlem av utvalet.
  • 11.10 – Inga Strümke frå Norwegian Open AI Lab på NTNU og SimulaMet om kontroll med kunstig intelligens.
  • 11.30 – Oppsummerende samtale med foredragshaldarane Wessel-Aas og Lysne pluss Åsne Julsrud, dommar i Oslo tingrett og Elisabet Haugsbø, visepresident i Tekna.
  • 12.00 – Servering av lett lunsj og mingling.

Møteleiar var Trude Teige.

Et bilde som viser deltakerne i sluttsamtalen på årskonferansen.
Frå venstre: Jon Wessel-Aas, Åsne Julsrud, Elisabet Haugsbø, Olav Lysne, Sir Brian Leveson og Trude Teige. Foto: Arvid Grøtting

For deg som ikkje hadde høve til å vera til stades på konferansen kan du trykka her for å sjå opptak av konferansen via Youtube.


Les om årskonferansen 2019 her

Informasjon om behandling av personopplysningar:

Om du melder deg på konferansen, vil ditt namn, epost og evt. tilknyting til organisasjon/verksemd bli lagra av EOS-utvalet. Dette vil berre brukast til å gi deg informasjon om årskonferansen 2022 og invitera deg på tilsvarande arrangement seinare. Om du ikkje vil stå på denne lista etter at årskonferansen 2022 er gjennomført, kan du gi beskjed om det til afa(a)eos-utvalget.no, og informasjonen om deg vil bli sletta.

Fyrste gong publisert 28. januar 2022