EOS-utvalets årskonferanse 2023 vil skje på Litteraturhuset i Oslo den 30.mars. Temaet vil vera «Kontroll av nye overvakingsmetodar».
Konferansen er gratis. Han vil også bli sendt direkte på nett, og opptak vil bli lagt ut i etterkant.
Dørene opnar klokka 8.30, og det faglege programmet begynner klokka 9.00
Foredragshaldarar:
- Beate Gangås, sjef for PST
- Nils Andreas Stensønes, sjef for E-tjenesten
- Line Coll, direktør for Datatilsynet
- Erling Johannes Husabø, professor og medlem av EOS-utvalet
- Rikke Amilde Seehuus, forskningsleder hos Forsvarets forskningsinstitutt
- Alexander Ottosson, jurist ved Centrum för rättvisa
Det vil bli servert enkel lunsj etter at det faglige programmet er over cirka klokka 12.00.
Du kan melda deg på slik: Skriv "Påmelding til årskonferanse" i emne-feltet og send namn og eventuelt kva for organisasjon/verksemd du representerer til arskonferansen@eos-utvalget.no
Les om og sjå opptak frå årskonferansen 2022 her
Informasjon om behandling av personopplysningar:
Om du melder deg på konferansen, vil ditt namn, epost og eventuell tilknyting til organisasjon/verksemd bli lagra av EOS-utvalet. Dette vil berre brukast til å gi deg informasjon om årskonferansen 2023 og invitera deg på tilsvarande arrangement seinare. Om du ikkje vil stå på denne lista etter at årskonferansen 2023 er gjennomført, kan du gi beskjed om det til arskonferansen@eos-utvalget.no, og informasjonen om deg vil bli sletta kort tid etter årskonferansen.
Denne artikkelen blei fyrste gong publisert 25. november 2022.